CHANGE LAYOUT
  • leftlayout
  • rightlayout
SET FONT SIZE
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Kontrollpanel

FlightSim.no

Bestill fra vr webshop

Omtale av PMDG MacDonnell Douglas MD-11X

MD-11 framstår som eit svært karakterisk fly med sine tre motorar. Dette er ein flytype som framleis er populær både til å frakte folk men også frakt. Personleg har eg svært god erfaring med produkt som det står PMDG på, så forventingane var store når dette produktet blei motteke for test. Kan dei leve opp til sitt gode rykte nok ein gong?

 

Informasjon

Utvikler: PMDG
Utgiver: Aerosoft
Type: DVD / Download
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimshop.se







I denne testen er det boxed-versjonen vi tek føre oss. Det betyr at ein får med ein fyldig manual, eit eige hefte med gjennomgang av ein grundig tutorial flight samt ein plakat med oversikt over cockpit og alle panel. Med andre ord akkurat det ei treng for å finne seg vel til rette!


Som vanleg foregår installasjonen som ein forventar av eit førsteklasses produkt. Vegvisaren geleidar ein greit gjennom installasjonen, kanskje med eit lite unntak for måten alle texturane blir installert på. Det er sjeldan ei ulempe at eit fly blir levert med mange texturar, men lista som ein skal installere frå virkar litt uoversiktleg med mange kombinasjonar av frakte/pax-modell, motorvariantar og selskap.


Når flyet er ferdig installert og du har komt deg bak spakane er det slutt på problemstillingane. Som i god PMDG-tradisjon så er flyet nydelig å sjå til både utvendig og innvendig. Panela er detaljerte og lette å bruke, både i 2D og 3D. Veksling mellom dei ulike panela går lett med diverse ”snarveiar” som har blitt lagt inn.


Til eit såpass avansert fly er det sjølsagt med ein loadmanager. Denne fungerer slik at ein lastar inn flyet i simulatoren og deretter kan ein stille inn vekt etter korleis ein ønsker å ha det. Dei som har sans for detaljar vil sjå at flyet faktisk blir tyngre når du lesser på med vekt: Det står tyngre på hjula og vingene flexar meir pga auka mengde drivstoff. Lekkert!


Eg hadde ikkje noko erfaring med denne flytypen tidlegare, så eg satte veldig stor pris på tutorialen som følgde med. Ved hjelp av denne kom eg raskt inn i systema og fekk ei kjapp innføring i kva som skulle til for å få flyet opp i lufta. Det føles som om tutorialen er skriven på ein slik måte at den passar både nybegynnarar og dei som er litt meir proffe. Absolutt eit pluss i mi bok!


Allereie i det ein set seg inn i dei ulike systema forstår ein at det er ein gigant det er snakk om. Mange komplekse system som skal snakke saman og ting må gjerast i riktig rekkefølge for at ein skal komme seg avgarde. Også i lufta merkar ein at PMDG nok ein gong har greid å gjenskape følelsen av å sitte og kontrollere noko stort; beveglesane går ikkje alltid like raskt og ein må forvente litt tid før gasspådrag eller bruk av airspoilers faktisk får effekt.


Både i storelik og kompleksitet vil eg driste meg til å plassere dette flyet mellom Boeing 737 og 747, som PMDG også har laga simulatorversjonar av.
Når det kjem til ytelse så vart eg faktisk positivt overraska denne gongen. Det einaste eg opplevde av venting var umiddelbart etter at ein hadde valgt lokalisasjon og skulle starte opp. Då måtte eg vente i ca 15 sekundar (med nedtelling) på at alt skulle bli ferdig lasta. FPS var stabil og bra, men dette kjem sjølsagt an på kor heftig maskin ein har og kor mykje anna av texture og scenery som er i bruk på samme tidspunkt.

Konklusjon

Nok ein gong tek eg meg sjøl i å tenke at beslutningsgrunnlaget for konklusjon ikkje føles godt nok etter å ha vurdert eit PMDG produkt. Dette flyet er så komplekst og utfordrande at ein ikkje fullstendig utbytte av alle funksjonane før ein har gjort seg skikkelig kjend med rutinar og dei ulike systema.


Uansett så dristar eg meg nok ein gong til å lovrose PMDG for det arbeidet dei har gjort. Flyet framstår veldig realistisk å fly med. Som nevnt lenger oppe er det svært facinerande å sjå dei fysiske endringane som skjer ved at ein fyller på med både bagasje, pax og drivstoff. I tillegg til dette merka eg umiddelbart ein stor tilfredsheit når eg på tredje forsøket greide å følge den glimrande tutorialen som følger med dette flyet. Dette er ein super måte for amatørar (som meg) å raskt sette seg inn i systema og få flyet i lufta. Det skal også leggast til at PMDG har gjort mykje for at det avanserte ikkje skal skremme vekk dei som berre ønsker å komme seg raskast mogleg opp i lufta. Dette ved å gjere det mogleg å køyre flyet i ein slags-automodus som gjer at det faktisk styrer dei fleste systema sjølv.


Tilbake til spørsmålet i innleiinga: ” Personleg har eg svært god erfaring med produkt som det står PMDG på, så forventingane var store når dette produktet blei motteke for test. Kan dei leve opp til sitt gode rykte nok ein gong?” Svaret er definitivt JA!

Kommentarer (9)

kult
er det tromsø på bilde 4?
per , 30.06.2009
...
Det stemmer :)
Ole Reidar Dvergsdal , 30.06.2009
.
Fin omtale Ole Reidar!
Harald Strand , 04.07.2009
...
Takk for det!
Ole Reidar Dvergsdal , 06.07.2009
Trenger litt hjelp med dette flyet.
har kikket på flere lesson-videoer på youtube.com om programmering av fmc. Men skjønner fortsatt ikke dette helt. Kan noen lage en NORSK instruksjonsvideo med en norsk rute, slik at vi kan lære oss maskinen i hjemmlige trakter først? hadde satt veldig pris på det.
Frode Skibrek , 10.07.2009
Tutorial flight
Dette produktet kommer med en meget detaljert dokumentasjon og en tydelig og god tutorial. Jeg foreslår du flyr den gjentatte ganger punkt for punkt til det sitter. Siden du flyr IFR, er det likegyldig hvilket land du flyr i.
Eivin Stensø , 19.07.2009
Småbruker
Er det noen som vet når PMDG kommer med B737 tilpasset FSX ?
Hobby , 05.08.2009
PMDG 737NGX
Kjenner vi PMDG rett så ser vi nok ikke snurten av NGX før om 1-2, kanskje så mye som 3 år til. Det er derfor de er så forbaska bra, de vet å bearbeide produktene sine før de slipper dem til addon sultne gærninger som oss:-)
MAF , 06.08.2009
Til Frode om FMC
Ola Haldor , 04.09.2009

Skriv kommentar

Denne artikkelen er låst og kan ikke kommenteres lenger

busy