CHANGE LAYOUT
  • leftlayout
  • rightlayout
SET FONT SIZE
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Kontrollpanel

FlightSim.no

Kjøp fra vår webshop

Omtale av F-16 Fighting Falcon

F-16 er ein kjend flymodell for dei fleste. Dette er pr no kampflyet som er i bruk i bl.a Norge. Men har eit slikt fly noko i den fredelige flysim-verdenen vår å gjere? Bli med på ei reise gjennom opp- og nedturar!

Utvikler: Aerosoft
Utgiver: Aerosoft
Type: CD/DVD eller nedlasting
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Highslide JS Klikk for å forstørre

Highslide JS Klikk for å forstørre

Highslide JS Klikk for å forstørre

Highslide JS Klikk for å forstørre

Highslide JS Klikk for å forstørre

Highslide JS Klikk for å forstørre

 

Gjennom denne jobben som anmeldar for Flightsim.no har eg hatt gleda av å fly alt frå helikopter via småfly, passasjerfly og heilt opp i store jumboar. Til tross for dette var det ei viss spenning som låg i lufta når dette produktet blei motteke for test. Ei maskin med slike ferdigheiter som dette flyet har kan eg ikkje hugse å ha vore borti før! Sidan FS X er ein simulator fri for alt som heiter bombing og krig blei instillinga mi raskt at her skulle det leikast med akrobatiske krumspring!

Klok av skade tar eg alltid ein kjapp kikk gjennom manualen før eg installerer, berre for å sjekke om det er noko eg ikkje bør gå glipp av. Det er det ikkje og installasjonen går som vanleg heilt knirkefritt. Aerosoft har ein god standard på dette og det einaste brukaren treng å holde styr på er lisensnøkkelen. Etter at installasjonen er fullført finn ein ut at dette dreiar seg om ein svært omfattande og detaljert modell. Inkludert er 21 forskjellige eksterne modellar, 21 fly modellar og ikkje mindre enn 61 liveries fordelt på 16 nasjonar (deriblant 4 frå Norge).

 

Til himmels.... og boms ned igjen

Min største ambisjon når det gjaldt dette flyet var ikkje å mestre det til fingerspissane. Som nemnt i innleiinga prioriterte eg å kunne more meg med heftig lavtflyging og akrobatikk. Her var flyet med på notane frå første stund! For å komme seg opp i lufta trengs det svært lite kunnskap. I utgangspunktet treng du berre å gje gass og i løpet av kort tid er du høgt oppe i ei maskin som gir kontante tilbakemeldingar på ein kvar bevegelse! Etter å ha bygd opp sjøltilliten med ein kort flytur skulle eg sette prikken over i’en med ei perfekt landing, og her starta vanskane! Samme kva eg gjorde så sleit eg med å bremse ned farten under innflyging og dermed blei det ei noke hard landing (godt ingen instruktørar stod på sidelinja og såg). Dermed var det berre å gjere som i virkeligheita: Lese!

Manualen er skremmande tynn til å skulle dekke eit så omfattande fly, etter mi meining kanskje for tynn for at ein skal få maksimalt utbytte. Men for dei mest hardcore fans så finst det alltids muligheiter for å innhente informasjon via nett. Uansett så gir manualen ein kjapp gjennomgang av historie og spesifikasjonar, før ein kjappare gjennomgang av dei forskjellige systema og panela blir gjennomført. I tillegg til dette er naturligvis sjekklister på plass. Aerosoft har også inkludert ein eigen del for tweaking av diverse parameter. Ikkje verst!

Det kan også vere verdt å nemne at ikkje alle systema er simulert på denne modellen og dette er greit begrunna i manualen.

 

Sett utanfrå

Denne modellen lemnar liten tvil om at det er lagt mykje tid i detaljar på utsida. Som nemt er det mange modellar å velge mellom med tanke på liveries, men felles for alle er at det er gjort ein god og detaljert jobb med utsjånad. Detaljar som speedbrakes, edge flaps, refuel-luke, canopy og eksosanlegg er meget detaljerte. Prikken over i’en er naturligvis at ein kan styre om piloten skal ha visiret oppe eller nede! Skulle det vere noko å trekke får op utsida så må det vere måten afterburneren ser ut. Denne dreg kraftig ned på heilheitsinntrykket sidan den ser lite realistisk ut i mine auger. Aerosoft begrunnar dette med vanskar med å lage ein skikkelig effektfull afterburner som passar alle modellar og at grunnen til dette ligg i mekanismar i FS X. Eg har ingen grunn til å tvile på dette, så eg tek det for god fisk. Dei som ønsker å sjå fleire bilder av denne flotte fuglen kan ta turen over til Nick Churchill sitt galleri

 

Om bord

Når ein set seg i pilotsetet får ein umiddelbart eit inntrykk av intimitet og kontroll. Alle knappar og hendlar er innan rekkevidde og mesteparten av panela er animert. Mest intressant er nok HUD’en (Heads up display) samt radarskjerm og navigasjonsskjerm. Alle desse instansane er moglege å tilpasse etter kva informasjon ein ønsker å vise og radaren kan brukast til å låse mål som f.eks andre fly i luftrommet rundt deg.

Sidan det ikkje er ein 2-d cockpit med dette flyet er ein avhengig av å panorere i 3d. I tillegg til dette er det og lagt opp nærbilder av dei ulike panela som ein kan taste seg gjennom med a-knappen. Dette kjem godt med sidan det ikkje er alle knappar ein når i panoreringsmodus. Det er også verdt å nevne at Aerosoft har lagt inn mekanismer for g-krefter i denne modellen. Det betyr at ved skikkelig gasspådrag blir du trykt godt bak i stolen og får dermed instrumenta lenger unna deg!

Belysninga innvendig på nattestid synes eg er verdt eit eige avsnitt. Interiøret ser faktisk (om mogleg)endå lekrare ut etter at nattemørket har sige på!

 

Ut på tokt

Inkludert i denne pakken er to missions. Dette er relativt fredfulle oppdrag med base på Hawaii. Det første går ut på å eskotere Air Force One i området rundt Hawaii, og her får ein underholdt seg litt med den eine fiffige løysinga med dette flyet. Som kjent er slike fly relativt glade i drivstoff. Aerosoft har difor lagt inn mekanismar som gjer det mogleg å tanke i lufta! Så dermed kan ein berre legge seg tett opptil eit kvar AI-fly, gjere nødvendige grep og vips så blir tankane fylt sakte men sikkert.

Det andre oppdraget består i øvelsesflyging i same område som oppdrag ein, men her får ein diverse utfordringar undervegs, utan at eg går i detalj på dette.

Aerosoft har etter det eg har forstått planar om å tilby fleire oppdrag etterkvart som eit slags addon, til dette flyet. Dermed vil underholdningsverdien auke betraktelig! Ellers ser eg jo føre meg dette som ein kandidat som kan brukast til nettverksspeling med akrobatikktrening for eksempel

 

Konklusjon

Alt i alt gir Aerosoft oss ein god versjon av F-16 i denne pakken. Heftig systemsimulering, godt arbeid knytta til innvendige og utvendige detaljar samt god lyd lar seg ikkje av dei negative tinga som litt tynn manual samt enkelte skuffelsar knytta til bl.a korleis afterburner ser ut.

Om eit slikt fly har noko i FS X å gjere er eit vanskelig spørsmål å svare på. Reint underholdningsmessig er det liten tvil om at det har mykje å fare med, men med tanke på det eit slikt fly er laga for så er ikkje FS X den rette arenaen i mine auger. Men legg ein slike betraktningar til side så er det ingen tvil om at dette er eit kjempeflott fly som gjer at Aerosoft virkelig fortjener klapp på skuldra!

 

Kommentarer (1)

...
Eg kjøpte dette produktet for ei stund sidan og eg meiner at det var vert kvar krone. :) ;)
Fredrik , 28.05.2009

Skriv kommentar

Denne artikkelen er låst og kan ikke kommenteres lenger

busy