CHANGE LAYOUT
  • leftlayout
  • rightlayout
SET FONT SIZE
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Kontrollpanel

FlightSim.no

Bestill fra vr webshop

Omtale av Flight 1 Baron 58

Utvikler: Dreamfleet
Utgiver: Flight1
Type: CD i dvd-cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop

 

Flight1 har mange samarbeidspartnarar. Til å hjelpe seg med produksjonen av dette tomotors flyet har Dreamfleet vore samarbeidspartnar. Er dette ein heldig kombinasjon? Flightsim.no tar ein kikk…

Installasjon:
Innholdet i pakken gir eit godt inntrykk. Sammen med cd-plata finn vi ein enkel manual (meir detaljert finst på cd’en), diverse reklame for Flight1 sine produkt og ikkje minst ei utskriven sjekkliste. Dette lovar veldig bra!

Installasajonsprosessen er ein enkel affære og du blir tatt gjennom den på ein oversiktlig og lettfattelig måte. Flight1 har sett følgande minimumskrav:

Prosessor: 1,6 GHz
Minne: 512 Mb
Grafikkort: 128 Mb
Harddisk: 130 Mb

I tillegg må du ha Windows XP og køyre med Flight Simulator 2004.

Førsteinntrykk
Når flyet er installert er det med to forskjellige versjonar i to forskjellige fargar. Den eine meir moderne i instrumenteringa enn den andre.

I det ein set seg om bord i Baronen første gongen vil ein kjapt sjå at det er eit fly som lett lar seg tilpasse. I det flyet er blitt lasta inn sprett det opp ein konfigurasjonsmeny. Her kan ein bl.a velge om ein vil ha 3D-cockpit, kvalitet på instrumentpanel og lydar samt korleis flyet skal ”sjå ut” når ein tek det i bruk.

I 2d-visning er det ikkje mindre enn 17 såkalla ”click-points”, altså punkt ein kan klikke på slik at det skal skje ei handling. Hovudsakelig er dette forstørring av instrument, men det er også mogleg å sjå sideveis ved å trykke på rette plassen. Dermed får ein ein 3D light følelse og personlig fall denne funksjonen i god smak! Det er også laga til ei slags oversikt over dei forskjellige panela som ein raskt kan hente fram for lettare å finne rett panel (for dei som likar å klikke i staden for å nytte tastaturkombinasjonar).

Designet på panela innvendig virkar veldig bra. Både i 2D og 3D visning er alle instrumenta lettleste og gir ein god følelse. Enkelte vil nok hevde at 3D-panela kan vere litt treige å laste inn og eg mistenker at funksjonen med utsikt til sida i 2D-visninga er laga til for at kundar utan dei raskaste maskinene skal kunne få ein ørliten 3D- følelse. Det blir ikkje heilt det same, men det er absolutt ein funksjon som er verdt å nemne!

Integrert i instrumenta er ein veldig godt simulert GPS. Eg har ikkje hatt anledning til å sette meg inn i denne i detalj, men det er liten tvil om at denne ser bra ut og fungerer veldig bra.

Også utvendig er dette flyet eit flott skue. Dess meir ein studerer dess fleire detaljar finn ein. Det heile er pakka inn med ein svært god finish og det er flust av animasjonar. Spesielt imponerande er simuleringa av propellane og også måten understellet oppfører seg på. Men no er det vel på tide å ta turen opp i lufta?!?

I lufta
Baron 58 er eit mindre 2 motors propellfly og i fly av denne størrelsesorden er ofte vekt eit essensielt begrep. Dette gjeld også her. Eg må ærlig talt seie at måten vekta påvirkar flyegenskapane er forbilledlig. Dersom du legg i vei med fulle tankar så får du inntrykk av å fly eit seigt og stort fly, mens dersom du tar deg ein kort tur med ditto mindre drivstoff er flyet totalt annaleis. Med kjapp respons og veldig raske bevegelsar er det nesten ikkje gjenkjennelig!

Også her oppe vil du sette pris på både utsikta som kan nytast både i 2d- og 3d-verdenen. I tillegg synes eg virkelig Dreamflett/Flight1 har gjort eit veldig godt arbeid med lydane. Og som nemnt tidlegare i denne omtalen er det mange moglegheiter for å tilpasse dette opp mot maskinvaren du har til rådigheit.

Konklusjon
Dreamfleet/Flight1 har gjort eit veldig godt arbeid med denne modellen. Den ser veldig bra ut både innvendig og utvendig! I tillegg har den fått veldig realistisk og bra instrumentering som virkelig løftar realismen. Når ein i tillegg legg til at lydar og moglegheiter for individuell tilpasning fungerer veldig bra så får det berre våge seg at med alle instillingar på maks kvalitet så kan flyet virke litt tungt å laste.

Positivt:
+ Veldig god jobb med utsjånad og opplevd kvalitet innvendig
+ Enkel installasjon
+ Masse flotte element er simulert
+ God dokumentasjon som kan lesast av alle
+ Veldig realistisk oppførsel med tanke på påvirkning av vekt
+ Veldig lett å tilpasse oppsettet på flyet

Negativt:
- Flyet kan vere tungt å laste inn med ”full pakke”
- Litt tungdreven VC (krever fps)

SCORE Testsystem
96 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

 

Kommentarer (0)

Skriv kommentar

Denne artikkelen er låst og kan ikke kommenteres lenger

busy