Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Aerosoft Dornier DO-27 for FSX
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Digital Aviation
Utgiver: Aerosoft
Type: CD eller nedlasting
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

"The first german post-war aircraft built in series" står det å lese utanpå boksen som dette addonet blei levert. Produkt levert frå Tyskland betyr som regel høg grad av nøyaktigheit samt kvalitet. Flightsim.no tar ein kikk for å vurdere om dette er tilfellet denne gongen og!

Dornieren har sin opprinnelse heilt tilbake til 1953 då den Spanske regjeringsmakta skisserte eit behov for eit lett og smidig observasjonsfly. I tillegg blei den svært populær hos det nye Luftwaffe i Tyskland, så majoriteten av flya var bygd som militære modellar. Etterkvart som tida gjekk blei dei fleste solgt vidare på den opne marknaden og faktum er at dei fleste av desse framleis er i bruk!

Installasjonen av flyet er i vanleg Aerosoft-standard. Det meste går av seg sjølv og det einaste ein treng å tenke på er å legge inn serienummeret for at installasjonen skal fullførast. Aerosoft har oppgitt følgande minimumskrav til pcen:

  Microsoft Flight Simulator X
  Windows XP SP2 / Vista
DVD-ROM  
CPU 2,0 GHz
Ram 1 GB
Harddiskplass 332 MB
Skjermkort 256 MB (DX9-kompatibelt)

Som vanleg er det nok gunstigast å ha litt meir krefter I pcen enn minimumskrava om ein ønsker fullt utbytte av dette produktet.

Skinnet bedrar
Eit så lite fly skulle jo vere ein grei sak å operere for ein desktop-pilot med 10 års erfaring (som undertekna) seier du? La meg gjere det heilt klart at eg gjekk rett i fella! Eg burde sannsynligvis ha skjønt det allereie etter installasjonen når eg ser at manual og sjekklister består av ikkje mindre enn 13(!) PDF-filer! Men eg tenkte at eg kunne bruke den printa mini-versjonen som følger med boksen så eg fyrte opp simulatoren og oppdaga til min forskrekkelse at denne var på tysk. Etterkvat som eg gjorde meg kjend i cockpit og views fann eg ut at eg måtte bite i det ”sure” eplet å bla kjapt gjennom PDF-filene alikavel.

Flyet er laga av selskapet Digital Aviation, og det er ganske intressant korleis dei har bakt inn mykje realisme I denne modellen. Alt som kan simulerast har blitt det; instrumentfeil, fullt operative dører og vindauger og gode simuleringar av belastningar som flyet får både ved takeoff, I lufta og landing. I tillegg til dette har DA implementert ein mekanisme som gjer at ein kan velge om flyet skal opererast i simpel eller pro modus. Simpelmodus er for den allmenne desktop-piloten som berre vil ha seg ein enkel og grei flytur. Promodusen derimot hevar realismen med mange hakk. Her må du gjennom sjekklister og måten du behandlar flyet på blir monitorert. Ein feil du gjer på ein flytur kan ramme deg hardt nokre flyturar seinare fordi ein del sluttar å virke på bakgrunn av den feilen. Det er dermed slik at du er ansvarlig for at alt vedlikehold blir gjort på flyet, samt å sjekke at flyet er i flygedyktig tilstand før du set nasa ut mot rullebana. Her har mange aktørar litt å lære! I sjølve pakken er det 8 texturer å velge mellom og alle desse har sitt særpreg ved at det ikkje er berre fargane som er forskjellige. Her er også slitasjen både innvendig og utvendig differensiert, noko eg føler løfter realismen.

Opererer ein i pro-modus blir ein (om ein gjer ting på rett vis) tildelt sertifikat i gitte intervall. I mine auger er dette ei grei tilnærming for å kunne oppretthalde interessa for å fortsette å fly i denne litt meir krevande modusen. Det hjelper jo altid å ha ei gulrot hengande der framme!

Når det gjeld sjølve flyopplevelsen så sit eg med eit inntrykk av at denne er litt ulik alt etter kva modus du ønsker å holde deg i. Når eg flaug i simpelmodus følte eg at eg fekk utforska meir kor grensene var og testa kva egenskapar flyet hadde. Når eg var over i pro-modus så var hovudfokuset mitt å gjere ting riktig for å unngå å ødelegge flyet, samt å opnå gode resultat som vidare ville føre meg mot nye sertifikat. I begge tilfeller føltes flyet som veldig stabilt og trygt og ein kjem jo aldri opp i dei voldsomt store hastigheitene, så mitt inntrykk her er absolutt at det lever opp til sitt bushfly rykte. Dette inntrykket blir også bekrefta ved at flyet blir levert med telt og campingstolar som du kan slå opp etter endt tur.

Konklusjon
Eg føler meg relativt trygg på at utviklarane hos Digital Aviation ser føre seg ein litt meir erfaren simmar som den typiske kjøparen av dette produktet. Sjølv om ein nybyrjar heilt klart kan ha det artig med dette flyet så er det lagt så pass mykje vekt på realisme her at om ein ønsker maksimalt utbytte så fortjener flyet å bli flydd etter boka i pro-modus.

Det einaste som trekker ned i mine notat er eit ikkje heilt feilfritt konfig-verktøy samt at den handboka som følgde med pakken var på tysk. I tillegg var det ikkje mogleg for meg å sjå hjelpetekstane over dei forskjellige knappane og hendlane i cockpit, då desse hadde ein kvit boks over seg. Utover dette gir dette flyet høg grad av simulering, flotte detaljar, ein trygg flyopplevelse og absolutt grundig elektronisk dokumentasjon.

Totalt sett må konklusjonen bli at her får du full pakke. Flyr du flyet i pro-modus så er det ikkje berre det å fly det som er ein del av opplevelsen, du må også sørge for å holde flyet flygedyktig via vedlikehold!

11.12.2008

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden