Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Aerosoft Venice X
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Aerosoft
Utgiver: Aerosoft
Type: CD eller nedlasting
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Venezia er mest kjent for sine små kanalar og sin historiske bakgrunn, og er også eit ynda feriemål for oss kalde Nordmenn. Aerosoft har laga eit utgåve av denne byen med sine flyplassar for Flight Simulator X.

Installasjon
Den testa utgåva er boxed versjon. Dette betyr at ein får med ein trykt manual i tillegg til cd-plata. Som vanlig er det mogleg å laste ned programmet direkte frå FlightSim.no's nettbutikk..
Når eg les manualen finn eg straks ut at dette er eit krevande produkt. Følgande er sett opp som systemkrav:

Minimum Anbefalt
Flight Simulator X SP1  
DVD-ROM  
CPU: 2 GHz 3GHz Core duo
1 GB RAM 2 GB RAM
400 MB diskplass  
Windows XP Vista  

I følge Aerosoft så fungerer dette sceneryet best saman med Flight Simulator X SP1 (altså ikkje SP2). For dei som har SP2 inne er det likavel gitt greie instruksar for korleis ein skal få best mulig ytelse. I ytelsesdelen av manualen er det satt opp eit eksempel for korleis sluttbrukaren skal få 20 FPS (som er målet til utviklarane), men med mitt testsystem fekk eg 17fps utan tweaking, noko eg er særs nøgd med sidan mitt system var hakket under det som var satt opp i eksempelet. Eg opplevde ikkje dette som noko problem og valde difor å bruke meir tid på å utforske flyplassane og sjølve byen Venezia!

Innholdet i pakken

  • Venezia Tessera Internasjonale Flyplass og San Nicolo (lita grasstripe på ei øy utanfor bysentrumet)
  • Ein pakke designa 100% for Flight Simulator X, for maksimalt utbytte av teknologiane for ytelsesforbedring som ligg der. Ei utgåve for Flight Simulator 2004 var aldri aktuell
  • Alle bygningar, kanalar og bruer i sentrum av Venezia
  • Detljerte utgåver av alle berømte bygningar og kirker i Venezia
  • Tog og biltrafikk på Ponte Della Liberta
  • Tettpakka båttrafikk i og rundt Venezia, inkludert Vaporetto’s
  • Grundig manual med alle kart for ankomst/avreise Tessera Flyplass.

I bruk
La det berre vere sagt med ein gong: Dette er eit særdeles detaljert scenerey! Ein tur i lav høgde over sentrum er absolutt å anbefale i ein farkost som ikkje har for høg hastigheit. Persolig syntes eg detaljane var ekstra tydelige når ettermiddagsmørket kom sigande på, men dette er naturligvis smak og behag.

I denne pakken har Aerosoft (og deira samarbeidspartnarar) nok en gang gjort seg flid med detaljene. Alt frå bygningar, kanalar, båtar og sjølvsagt flyplassene med deira innhald er gjengitt med høg grad av kvalitet. I ein så tettpakka by som det Venezia er så må rin bare ta av seg hatten for detaljane!

I denne pakken får ein altså eit skikkelig kinderegg. I tillegg til den internasjonale flyplassen får ein ei flott lita flystripe som ligg på motsatt ende av byen i forhold til hovudflyplassen. Denne er dermed godt egna som mål for ”søndagsturar over byen, der ein lar seg forstumme over detaljane som er lagt ned i sentrum.

Det skal også understrekast at flyplassen er gjort på ekte Aerosoft vis. Høg kvalitet på bygningar og realistiske detaljar i banedekke og trafikk på bakken gjer at ein får ei høg kjensle av realisme.

Konklusjon
Kvar gong eg mottek eit produkt med Aerosoft-logoen får eg store forventningar. Heller ikkje denne gongen blei eg skuffa! Heile opplevelsen frå ein set i cd-plata første gong via diverse konfigurasjonar til ein har parkert flyet (eller helikoptere) etter ein vellyka tur over byen, framstår som totalt problemfri.

Det einaste eg kunne tenke meg å pirke litt i er språket i manualen. Denne er teksta på både Engelsk og Tysk og eg sit med eit inntrykk av at oversettinga til Engelsk har gått litt raskt i svingane. Dette er muligens ein bagatell, men det er framleis slike ting som fråtek eit produkt ein eventuell toppscore. Med unntak av dette er nemleg manualen veldig flott. Gode beskrivelsar av grep som kan gjerast for å få godt utbytte av grafikken, og alle nødvendige kart som høyrer til den største flyplassen i pakken.

Alt i alt eit kjempegodt produkt!

20.11.2008

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden