Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av DHC-6 Twin Otter
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Aerosoft
Utgiver: Aerosoft
Type: CD eller nedlasting
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Twin Otter er først og fremst kjend for oss Nordmenn som den knalltøffe vesle fuglen som spratt rundt på kortbanenettet frå slutten av 1960 – talet i Widerøe sine karakteristiske grøne og kvite fargar. Aerosoft har no levert ei utgåve til Flight Simulator X og vi her i flightsim.no har tatt ein nærmare kikk.

Installasjonen er rimelig rett fram og når denne er unnagjort har ein eit pent knippe av modellar å velge mellom. Her kan ein velge stor eller liten, med ski, flåter eller hjul og om flyet skal ha gammal eller ny teknologi om bord. Det er også verdt å merke seg at livery av både det Norske Luftforsvaret og Yeti Airlines er med. Dette kjem vi tilbake til seinare i omtalen!

Brukar nye mekanismar i Flight Simulator X
Når designteamet hos Aerosoft sette seg ned med Flight Simulator X la dei raskt merke til at tiltaka som var sett i sving for å betre brukaropplevelsen kunne benyttast. Dei gjekk difor til det drastiske verket å fjerne heile 2d- cockpiten! Og etter litt tilvenning så må eg seie at dette fungerer utmerka. Ein får ein mykje betre brukaropplevelse og i tillegg går ikkje dette på bekostning av ytelsen. Det einaste som er å pirke på her er at når ein sit på venstre side av cockpit (som jo er ønskelig) så føler ein at ein blir sittande for langt framme i utgangspunktet. Dette er bedre løyst på høgresida.

Dei fleste av knappane i panela er animert og ein kan nå desse enten ved å sitte på venstre side i cockpit og panorere rundt eller ved å velge dei ulike panela ved å trykke på a – tasten. Og på dette området har Aerosoft virkelig lagt flid i arbeidet sitt. Det er flust i synsvinklar både sett frå utsida og innvendig.

I bruk
Twin Otteren er i dagens skala eit lite fly og av den grunn er det naturligvis lettare å manøvrere enn dei store tunge flya. Denne følelsen har Aerosoft virkelig fått fram! Du merkar ganske umiddelbart at dette er eit fly som er lett å kontrollere og som treng korte rullebaner både for landing og takeoff. I tillegg er Twin Otteren eit relativt gammalt fly noko som betyr at teknologien stort sett glimrar med sitt fråvær. Men også her er det gitt valgmoglegheiter. Aerosoft har valgt å implementere eit kommunikasjons/radiosystem, KX 165A, på enkelte av modellane. Grunna den korte testperioiden har eg valgt å utelate å gå grundig inn i dette då dette ikkje er nødvendig for sjølve flyopplevelsen, men valgmoglegheitene ligg der.

For virkelig å sette flyet på prøve kunne eg ikkje la sjansen til ein tur i Himalaya gå frå meg. Eg gjekk difor til anskaffelse av Aerosoft sitt glimrande scenrey til flyplassen Lukla, og i denne pakken fekk eg også diverse utfordringar med på kjøpet som gjorde flyginga i Himalya meir intressant. Men hovudsaklig føregjekk flyginga på ”postruta” mellom Katmandu og Lukla. Og nettopp difor er det artig å kunne velje liveryet til Yeti Airlines som er eit av dei flyselskapa som faktisk flyg på denne flyplassen. Spesielt ved innflyging og landing til denne kinkige flyplassen legg eg straks merke til at det er denne type flyging denne vesle krabaten er skapt for. Hurtige manøvrar og brå endringar av throttle blir gjennomført utan å mukke! Ved å panorere frå utsida kan ein sjå detaljrikdomen i både flymodellen og i dei ulike liverya.

Som nemt tidlegare har Aerosoft valgt å ta med dei fleste tilpasningsmoglegheiter. I utgangspunktet har ein to modellar; 100 og 300. Vidare kan 300 delast inn i modellar med hjul, flottør og ski. I tillegg kan enkelte av desse modellane leverast med det litt meir sofistikerte radio/kommunikasjonsmiddelet som er nemt over. Dette er med på å gjere deg til kongen i Himalaya den eine flyturen, mens neste dag kan du vere konge i den norske fjellheimen enten på eit fjellvatn langt inne på Hardangervidda eller ved å fly turistar opp på Jostedalsbreen. I denne samanhengen er det absolutt på sin plass å nemne den utrulig flotte manualen som i enkelte kategoriar går svært grundig inn i materien. Her får du alt frå tips til manøvrering på vatn til dei grundigaste gjennomgangar av dei ulike systema om bord. Manualen inkluderer også sjekklister, sjølv om eg syntes dei virka litt spinkle (utan å vite fasiten her).

Lyden av motorar, bevegelige komponentar og omgivelsar (ver og vind) er godt gjennomtenkt. Spesielt kjem dette godt fram under forhold som dette flyet trivast best under (ruskete ver naturligvis!).

Konklusjon
Underteikna har dessverre aldri fått gleda av å fly Twin Otter i den virkelige verden. Til tross for dette har desse to vekene bak spakane på Aerosoft sin Twin Otter vore ein sann fryd! Med historikken til denne flytypen i bakhovudet har eg nærmast følt meg uovervinnelig på mine flyturar rundt om i verden. Dette vere seg knalltøffe forhold i den Norske fjellheimen med vind, blest og dårlig sikt eller krevande oppdrag nede i Himalaya. På kvar ein tur har eg fått inntrykk av at dersom noko går gale så er det mannen bak spakane som har svikta, aldri flyet!

Det at ein sit igjen med ein slik følelse etter å ha putra rundt i den vesle simulatoren sin er etter mitt skjønn ikkje anna enn bevis på at Aerosoft har gjort jobben sin og vel så det. Dei har brukt moglegheitene Flight Simulator X gir dei og levert eit knallgodt addon for folk som likar barske forhold

21.10.2008

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden