Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
PMDG 747-400X: Queen of the skies
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: PMDG Simulations
Utgiver: Aerosoft
Type: DVD i dvd-cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Når FS X blei lansert i 2006 stod PMDG på sidelinja med sin 747-400 og tenkte at dei ville finpusse sin eksisterande versjon og få den ut på marknaden så snart som mogleg. Slik blei det ikkje. I staden for 3 månaders arbeid med tilpasning enda dei opp med å bruke 18 månader på eit fullstendig nybygd addon. I denne omtalen av PMDG sin 747-400 for Flight Simulator X skal vi forsøke å kikke nærmare på denne store fuglen og samtidig på endringane som har vore gjort i forhold til forrige versjon som var berekna på Flight Simulator 2004.

747en er eit ikon som dei fleste flyintresserte har eit forhold til. Denne store fuglen endra måten komersiell luftvart blei utført på og har i mange tiår vore kjend som den virkelig store bussen innan luftfart. Det er difor med stor forventning vi anmelder denne verjsonen laga av PMDG.

Installasjon:
Installasjonen av flyet foregår på enklaste vis gjennom ein lettfattelig installer. Her er det meste fylt ut på førehand og ein treng eigentleg berre å overvake og bekrefte valga som blir gjort undervegs. Det er også greit å merke seg at diverse liveries til flyet kan installerast direkte frå plata. Når installasjonen er ferdig er det oppretta ei eiga mappe på start-menyen der fullverdig manual og loadmanager til flyet blir gjort tilgjengelig. Det er også verdt å merke seg at PMDG har lansert ein patch til dette flyet så det er ingen grunn til å nøle med å installere denne.

Krava som PMDG stiller til PCar som skal køyre med dette flyet er som følger:

  • Microsoft Flight Simulator X SP1
  • 150 MB ledig harddiskplass
  • Microsoft Windows XP SP2 eller Vista
  • 1024 MB RAM
  • CPU 3GHz Du2Core Intel
  • Skjermkort på 512 MB med støtte for DX9
I boksen til dette flyet finn du ein lightversjon av den generelle manualen samt FMC-manual og ei oversikt over dei forskjellige knappane og deira funkasjonar i cockpit. Veldig kjekt å kunne ha denne liggande på skrivebordet mens ein flyr. Er ein meir oppteken av detaljar og å lære seg ting så er det fleire hundre sider i pdf-format fordelt på 12 kapittel der dei forskjellige systema om bord blir beskrive. Alle sjekklister følger også med som pdf, og bra er det!

I bruk
Til forskjell for versjonen som er laga for Flight Simulator 2004 så får ein med både versjonen for passasjerar og versjonen som er laga for last i denne pakken. Dette utvider bruksområdet ein smule og gjer samtidig sitt til at PMDG virkelig har nærma seg virklegheita. Til begge modellane finst det livery på plata ein installerer flyet med og i tillegg eit stort antall livery på deira heimesider.

Mange av oss som har spelt flysimulator ei stund kjenner godt til PMDG og dei fleste kjenner til at denne leverandøren betyr ein ting: Kvalitet. Heller ikkje denne gongen lar eg meg skuffe! Etter å ha valgt flytype (passasjer eller frakt) og motortype (det er tre å velge mellom) så er du klar for å sette deg bak spakane på dronninga. Vel om bord er det lett å finne seg til rette og ein ser straks at dei aller fleste knappar og system er simulerte. Måten panela viser på er ikkje endra stort frå forrige versjon, noko som ikkje var nødvendig med tanke på den opplevde kvaliteten der. Det er dog verdt å merke seg at ein har gjort mindre endringar i Virtual Cockpit som inneber at ein kan plassere seg i co-pilot setet (for å spele fleire saman i tillegg til at ein har muligheiter for å kikke nærmare på fmc, overhead panelet og panelet for throttle og radokommunikasjon. Ein anna ting som er verdt å merke seg er at eg ikkje merka noko stort tap av fps ved bruk av vc samanlikna med 2d-panelet, det er stor framgong frå forrige versjon!

Som i forrige versjon lar eg meg rive med av måten flyet ser ut utvendig. Måten vingene fleksar i turbulens samtidig som dei viser kor tunge dei er når dei er fulle av drivstoff virkar svært realistisk og er med på å løfte heilheitsinntrykket. PMDG har også gjort små justeringar på nattexturane sine slik at refleksjonar av lys på nattestid også har blitt heva eit ørlite hakk. Det er også intressant å sjå på korleis flaps, landingsgear og spoiler bevegar seg når dette er i bruk, etter mine auger er det akkurat som på virkelige fly. Absolutt pluss i margen!

På start-menyen er det ein programsnutt der ein kan stille kor tungt flyet skal vere. Så her vel ein om ein skal fly som fraktfly eller passasjerfly og legg deretter opp kor myke last/passasjerar og drivstoff ein skal ha. Til forskjell for tidlegare versjonar så har Flight Simulator X muligheiter for å oppdatere desse verdiane mens spelet køyrer, og dette gjer slike endringar meir fleksible. I tillegg til dette er det eit eige menypunkt inne i spelet for PMDG der ein kan stille inn dei ulike knappevalga og i tillegg kan ein gjere instillingar i forhold til ulike feil som kan oppstå om ein ønsker det.

For å virkelig få utbytte av dette produket kreves det som sagt at ein vel å sette seg inn i alle systema om bord. I testperioden så innebar dette programmering av flyruter via FMC (Flight Management Control). Her legg ein inn alt av informasjon som bl.a autopiloten brukar til navigering og berekning av hastigheiter samt instillinger for takeoff, cruise og landing.

Konklusjon
Det er berre å konstatere at PMDG leverer varene nok ein gong. Når ein ser på lista over endringar frå forrige versjon så ser den ganske dramatisk ut. Heile 52 punkt summerer opp kvifor det tok PMDG 18 månader i staden for 3 å utvikle dette addonet. Den største forskjellen er at PMDG har gjort nytte av dei nye teknologiane som er implementert i FS X i forhold til enklare multiplayerspel og det å kunne vise grafiske finesser som beveglige flaps og understell på ein meir realistisk måte. Det er også artig at dei har valgt å legge både fraktversjon og passasjerversjon i ein og same pakke. Med andre ord får ein ekstra mykje for pengane!

Eg er ikkje i tvil om at dette er eit anbefalt produkt for FS X. Men eg vil gjerne ta ørsmå forbehold. For å kunne fly dette flyet slik som det skal og slik at ein får utnytta det maksimalt så kreves det at ein virkelig set seg inn i prosedyrer og sjekklister. Det betyr naturligvis ikkje at det er umulig å bruke flyet utan å kunne dette, men skal ein bruke nærmare 500 kr på eit addon så bør ein definitivt bruke ein god del tid på å bli virkelig kjend med det. For når ein vel å gjere det så tar det ikkje lange tida før ein lar seg imponere av denne store dama!

03.10.2008

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden