Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Ultimate Terrain Europe
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Scenery solutions
Utgiver: Flight1
Type: DVD i dvd-cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop

Scenery solutions har utvikla fleire addons for å forbedre korleis verden blir opplevd i Flight Simulator. Ultimate Terrain Europe er eit av desse, og utviklarane er så pompøse av seg at dei slenger ut følgande utsagn: ”Your FS world will never be the same again”. Så det naturlige spørsmålet blir jo då: Kan dette stemme?

Installasjon:
Installasjonen er så enkel som ein kan forvente. Sett inn cd-plata og trykk på neste heile vegen gjennom. Det er verdt å merke seg at heile texture-mappa di blir tatt kopi av for å kunne gå fort tilbake til opprinnelig oppsett, så tida det tar å installere blir påvirka av dette.

Når installasjonen er ferdig får ein opp konfigurasjonsverktøyet for heile programmet. Og det er valga ein gjer her som bestemmer kor tydlig resultata av tryllestaven skal bli. Som med dei fleste andre addons til Flight Simulator må ein også her ta med i betraktninga kva slags maskinvare ein sit med. Det er ingen tvil om at dersom ein vel å krysse av for alle valga så vil dette kreve sitt av pcen. Heldigivs har Scenery Solutions tatt konsekvensen av dette og laga ein veldig informativ og bra manual som har eit eige kapittel som inneheld tips og triks for korleis ein best mogleg skal utnytte pc-krafta.

I bruk
Etter å ha brukt litt tid i konfigurasjonsverktøyet for å finne ”den gyldne middelvei” tenkte eg å ta meg en tur i alpelandskapet med Innsbruck som utgangspunkt. Umiddelbart merkar ein at bakken har blitt meir realistisk. Veiar som ikkje var der før har dukka opp og veiar som går under bakken har blitt plassert under bakken.

Men det er spesielt utpå seine ettermiddag/kveld at ein får eit virkelig inntrykk av endringane som har skjedd ved installasjonen av dette addonet. Lyssetting på veiar og urbane strøk har blitt mykje bedre og det har blitt jamn trafikk på vegane!

Men det er ikkje berre på land at dette programmet kan gjere endringar via konfigurasjonsveivisaren kan du endre på måten innsjøar, elvar og kystlinjer skal sjå ut. Alt gjort på ein svært enkel måte og heile tida blir dei texturane du hadde i utgangspunktet tatt kopi av slik at desse raskt kan gjenopprettast.

Det seier seg sjølv at for å få utbytte av dette produktet kan du ikkje ligge på FL370 og cruise. Dersom du virkelig skal sjå kva endringar som har skjedd blir du nødt til å fly masse VFR. Gjerne ta seg ein tur med blanding av dalsøkk og meir flate og urbane strøk for å virkelig få sjå mangfaldet i det dette produktet tilbyr.

Konklusjon
I Norge er vi svært bortskjemt med at masse ildkjeler rundt om sit og lagar både landclass mesh og flyplassar til oss. Difor vil kanskje ikkje UT Europe tilføre så alvorlig store forskjellar. Men dersom ein skal bevege seg lenger sørover i Europa blir forskjellane straks mykje større. I utgangspunktet har ikkje Microsoft vektlagt Europa veldig mykje og dermed meiner eg at dette produktet frå Scenery Solutions virkelig har livets rett!

Det mest positive med dette produktet er at det er så veldig veldig konfigurerbart. Via konfigurasjonsverktøyet kan ein gjere utrulig mange tilpasningar. Og når dette i tillegg blir støtta opp av særedeles god dokumentasjon så er heile produktet virkelig ein fryd å jobbe med!

Når ein ser resultatet så kan ein ikkje bli anna enn imponert! Dette avhenger sjølvsagt av kor grundig ein går til verks (som igjen heng saman med maskinvaren og ressursane ein disponerer). Det er svært vanskelig å kontrollere at Scenery Solutions har greid å gjere Europa totalt feilfritt med denne pakken, men utifrå dei artiklane eg har lest om dette produktet er det svært små bagatellar som skiller FS-verdenen frå den virkelige verdenen etter å ha installert denne pakken.

Å lage eit slikt produkt og få det til å virke saman med alle dei ulike pakkane som folk bruker for å utvide grafikken på bakken er ikkje enkelt. Måten det har blitt løyst på her er at backup blir tatt av eksisterande filer slik at alt kan gjenopprettast på ein meget enkelt måte. Mi erfaring er at dette fungerer virkelig bra!

Positivt:
+ Enkel installasjon
+ God dokumentasjon som kan lesast av alle (spesielt tuning-delen er imponerande)
+ Eit konfigurasjonsverktøy som er svært lett å bruke
+ Kjempeflott resultat når produktet blir tuna opp mot maskinvaren

Negativt:
- Krever masse maskinkraft
- Kan oppleve at enkelte områder blir rare (veiar som ikkje heng sammen osv. )

SCORE Testsystem
98 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

10.10.2006

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden