Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Flight1 Super80
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: CoolSky
Utgiver: Flight1
Type: CD i dvd-cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

I si glanstid på slutten av 1970-talet danna DC-9 grunnlaget for mange flytypar som endå er i bruk. Mange drar nok kjensel på designet som er på mange av dagens MD-variantar. Korleis går det når CoolSky forsøker å simulere denne modellen i eit samarbeid med Flight1? Flightsim.no tar ein kikk.

Installasjon:
Å installere produkt som kjem frå Flight1 er etter mi erfaring ein leik. Det heile er basert på enkle og lett forståelige vegvisarar som losar deg galant gjennom heile prosessen. Etter at installasjonen er ferdig kan det vere lurt å plukke opp dei siste oppdateringane som ligg på Flight1 sine nettsider. Det kan også vere ønskelig å utvide texture-utvalget frå dei 6 variantane som følger med produktet (bl.a SAS er med), det kryr nemlig av paintar rundt om på Internett.

Flight1 har satt følgande minstekrav for å få installere flyet:

- Prosessor: 1,6 GHz
- Minne 512 Mb
- Harddiskplass 500 Mb
- Skjermkort 128 Mb

I tillegg er det eit krav at ein har Flight Simulator 2004 køyrande på ein pc med Windows XP som operativsystem.

Så allereie her forstår vi at dette er eit addon som krever sitt. På den andre sida så finst det addon på markedet i dag som krev meir av pcen enn det denne pakken gjer.

Dei som har lest mine tidlegare omtaler kjenner til at eg ikkje greier å lese gjennom heile manualen til eit fly før eg må ut og teste. Slik er også tilfellet her. Men til forskjell frå mange andre produkt eg har testa er det ikkje min latskap som gjer at eg vel å bruke manualen som oppslagsverk. Den er nemlig på ikkje mindre enn 291 sider! Det er difor greit at det i tillegg føl med ein kortare ”user manual” som raskt gir deg eit førsteinntrykk. Den sistnemde kjem i trykt form mens sjølve hovudmanualen kjem som ei pdf-fil. I tillegg til desse to så føl det med ei oversikt over dei ulike panela, noko som viser seg nyttig sidan det er ein del knappar å holde styr på.

I bruk
Når ein set seg inn i cockpit i dette flyet ser ein umiddelbart at dette ikkje er noko nymotens greier proppa med datamaskiner. Her er det gode tradisjonelle instrument i all hovudsak, men samtidig er det oppdatert med bl.a værradar og noko som eg vil kalle forgjengaren til FMC.

Utviklarane av dette flyet har laga ein enkel måte å velge panel på. Ved ein slags pop-up meny til venstre i skjermbildet kan du få fram dei enkelte panela ved å trykke på små bilder av dei. Her kjem du deg i tillegg inn på f.eks Super80 Training Center og andre innstillingar som kan gjerast på flyet (f.eks payload).

Den delen som heiter Super80 Training Center krever heilt klart eit eige avsnitt og generelt hederlig omtale for dette er bra! Inne i denne seksjonen har ein 3 valg. Ein kan velge ulike sjekklister, gå gjennom prosedyrer og til slutt kan ein velge å få flyet ferdig konfigurert for dei ulike fasane i flyturen.

For å ta sjekklistene først, så ser eg absolutt på dette som eit mesterverk. Når ein startar gjennomgangen kjem sjekklista opp i ein liten boks samt at den viser med ei tydelig pil kva slags brytar som skal trykkast på eller hendel som skal flyttast. Dersom det er noko som må gjerast i eit panel som ein ikkje har oppe så opnar den til og med panelet for deg! Eg har ikkje sett tilsvarande måtar å løyse dette på og her meiner at utviklarane av denne Super80’en har vore banebrytande. Eg har i allefall aldri opplevd ein lettare måte å bli kjend med panel og sjekklister på enn det som er gjort her. I tillegg kan ein også få den virtuelle co-piloten til å lese opp dei ulike punkta på sjekklistene. Veldig veldig bra.

For dei som ikkje er freakar på sjekklister er det som nevnt mogleg å få satt opp flyet slik at det f.eks er klart til take off. Dette er gjort via noken få valg i menyen og endringa skjer umiddelbart. Desse konfigurasjonane er delt opp i dei ulike fasane heilt frå forberedelsane blir gjort før flyturen og heilt til flyturen er over og passasjerane er ute.

Måten flyet bevegar seg på i lufta er presist og litt tungt. Du merkar at det er ei stor maskin du fører. Det er også merkbart at i forhold til f.eks 737 så skal ein dra litt meir i stikka for å få denne maskina i lufta. I følge dei som har ekspertise på dette så er det akkurat slik det skal vere! Du har også ein avansert autopilot tilgjengelig samt eit spesielt navigasjonssystem som det krev litt tid for å sette seg inn i.

Både innvendig og utvendig ligg kvalitetsfølelsen på eit særdeles høgt nivå. Alt virkar proffesjonelt utført og i perioden eg testa denne maskina klarte eg ikkje å sette fingeren på noko konkret å pirke på verken i dei ulike panela eller på paintane (eg har kun nytta dei som følgde med flyet opprinnelig).

Også lydar og simulering av bevegelige delar fungerer bra. Det einaste eg kanskje kan sette fingeren på å så måte er at det er ikkje simulert lyd på alle brytarar og hendlar ved bevegelse. Dette er kanskje ein bagatell meiner mange, men når ein ser på korleis andre løyser dette så synes eg det kan vere verdt å nemne.

Konklusjon
Dette Super80 flyet som har blitt sluppe av Flight1/Coolsky svarar så absolutt opp til forventningane! Det flyr godt, ser bra ut, simulerer bra og inneheld visse element som rett og slett er nye i FS-verdenen (i allefall min). Måten sjekklistenene er laga på og den enkle moglegheiten for å førehandskonfigurere flyet på må nemnast her. I det store og heile gir dette flyet eit absolutt positivt inntrykk og det er kun småting som gjer at dette ikkje greier full score.

Positivt:
+ Veldig bra system-simulering
+ Enkel installasjon
+ Grundig manual men også enklare brukarguide føl med
+ Ver radar implementert
+ Eit trenigssenter som ikkje kan fullrosast nok

Negativt:
- Ikkje alle lydar som er simulerte.
- Litt tungdreven VC (krever fps).

SCORE Testsystem
95 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

22.06.2006

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden