Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av 737 Pilot in Command
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: feelThere
Utgiver: Wilco
Type: CD i dvd-cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Feelthere/Wilco er eit alsidig firma som har designa både fly og scenery rundt om i verden. I tillegg har dei laga addons til andre simulatorar enn Flight Simulator. No har dei vore på markedet ei stund med sin Boeing 737 classic som består av 737-300, 737-400 og 737-500. Er det rettferdig å samanlikne denne med PMDG sin 737 NG serie?

Installasjon:
Installasjonen byr ikkje på nevneverdige problem. Feelthere har laga ein enkel og grei veivisar som tar deg gjennom dei ulike stega i prosessen. Det er hyggelig at dei har valgt å gjere det mogleg for kjøparen å velge dei ulike texturane som skal installerast i etterkant.

Etterkvart har eg lært at det sjelden er ein dum ide å oppsøke heimesidene til produsenten av add-on for å sjå om det finst oppdateringar. Eg blei ikkje skuffa denne gongen heller og plukka opp eit knippe oppdateringar til både fly, airac og sid/star databasen.

Minimumskrava satt av PIC er:
- 1,4GHz
- 256 MB RAM
- 32 MB Skjermkort

Mitt inntrykk er at dette heilt klart er eit definitivt minimum. Meir om dette lenger uti omtalen!

Allereie no vil eg nemne manualen som følger med flyet. Denne er skriven av Mike Ray som er ein erfaren kaptein på denne flytypen. Det er heilt klart at lista er lagt veldig lavt og etter mitt skjønn så er dette bedre enn å bygge opp en manual rundt det at ein forventar at brukaren har eit minimum av kunnskapar. Enkle tegningar og detaljerte forklaringar gjennom dei ulike systema gjer at ein kjem raskt opp og gå! Det skal dog seiast at enkle skrivefeil og punkt i listene som manglar trekker ned.

I bruk
Når flyet er installlert kan du velge å installere texturar separat. Med flyet følger ei pen samling, som lett lar seg installere via ein enkel meny. I tillegg er det berre å surfe seg gal rundt om kring på nettet så finn ein utallige variantar av paintar.

Eg har etter kvart lært meg å sette veldig stor pris på at flya ikkje blir installert med utallige texturar sidan dette gjer at simmen blir tyngre og dra, så pluss i margen for dette!

For enkel konfigurering av flyet har Feelthere laga ein snarvei på start-menyen. Her ligg det konfigurasjonsverktøy for dei enkelte modellane der du kan endre instillingar for grafikk, knappar, lyd, og diverse anna snacks. Lett å nå og intuitivt å bruke!

Umiddelbart etter at du har satt deg bak spakane legg du merke til detaljane i panelet. Personleg er eg fan av 2d og synes dette er det som fungerer best, men dette flyet har også ein velfungerande VC. Når du vel flyet du skal nytte kan du velge å utelukke både vc og wingview, som mange av oss er vant til frå PMDG.

Dei fleste knappar og hendlar er funksjonelle og animerte i både 2d-panelet og i vc. Med denne classic serien er det mest facinerande å sjå oppsettet på panela med gamle instrument i tett samarbeid med nyare hjelpemiddel som ver radar og fmc.

Ver radaren er eit kraftig verktøy som er relativt krevande å køyre på pcen. Heldigvis har Feelthere gitt brukaren moglegheiter til å påvirke kor masse krefter denne skal suge frå pcen. Utifrå det eg har prøvd i denne perioden så kan eg konstatere at radaren fungerer på eit enkelt og greit vis. Den manglar dei mest avanserte egenskapane men viser på ein enkel og grei måte kva slags ver som er i området rundt flyet.

Også FMC er simulert bra. I dette flyet er IRS simulert og dette jobbar bra i samarbeid med FMC. Det er også facinerande å sjå at FMC gir beskjesed om at AIRAC er utdatert. Bortsett frå dette vil dei som er vant med å bruke FMC raskt kjenne seg igjen. I denne forbindelse viser ein av dei større svakheiten seg. Oppdatering av SID/STAR er på langt nær like enkelt som f.eks med PMDG-produkta. I skrivande stund er det kun Gardermoen som er offisielt lagt inn i databasen, og dette krver igjen ein god del ekstra programmering i FMC dersom ein søker å følge rutinene etter punkt og prikke. Det er berre å krysse fingrane for at dette blir oppdatert etterkvart!

Sjølve flyegenskapane virkar å vere veldig bra. Eg har ikkje moglegheiter til å samanlikne dette opp mot den virkelige verden, men utifrå mi erfaring og det eg har lest frå andre som har prøvd denne (og som har erfaring frå det virkelige liv), så tyder alt på at måten flyet oppfører seg på er realistisk. Det skal dog nemnast at flyet oppfører seg svært urolig i dei tidlegaste utgåvene, men dette har blitt ordna i dei siste fixane, så pass på å få oppdatert før du for alvor legg av gårde på langtur!

Utsjånadmessig synes eg flyet ser bra ut. Det har animert alle vanlige ting som flaps, aileron, elevator, airbrakes, rudder og nasehjul. I tillegg la eg merke til at lyssettinga på det utvendige lyset såg veldig bra ut samanlikna med PMDG. Lydmessig er det også bra. Desse elementa er jo smak og behag og eg veit at det finst alternativ både for lys og lyd som gjer det mogleg for den enkelte å tilpasse det heile opp mot sine ønsker.

Konklusjon
Wilco har definitivt laga et produkt som er gjennomført og bra. Både utsjånad, systemsimulering, lydar og lys er på eit høgt nivå. Eg må seie meg spesielt imponert over systemsimuleringa og ver radaren. Det er sjølvsagt eit paradoks at akkurat det som imponerer er det som gjer at flyet krev ein god del fps.

Svaret på spørsmålet mitt innleiinga er definitivt nei. Etter mi meining bør ikkje PMDG og Wilco sine produkt samanliknast. Dette er to heilt forskjellige modellar og etter mitt skjønn bør dei settast side om side. For ein virkelig 737 fan er begge eit must sjølv om det kan svi litt i lommeboka!

Positivt:
+ Veldig bra system-simulering
+ Enkel installasjon med stor grad av brukarpåvirkning (f.eks installasjon av texture)
+ Manual som er skriven slik at pilotar på alle nivå forstår det
+ Ver radar implementert
+ Mekanismer for minimering av tap av fps

Negativt:
- Drar ned FPS ganske kraftig med maks simulering
- Pris kan virke stiv for enkelte

SCORE Testsystem
90 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

09.04.2006

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden