I år er det 40 år sidan den første ordren på Boeing sin 747 blei lagt inn av Pan American World Airways. Bakgrunnen for lanseringa av dette flyet var behovet for færre fly med fleire passasjerar samt å redusere kostnadane pr passasjer. Denne jumboen har opp gjemmon åra flydd millionvis av nm både som passasjerfly og som cargofly. I november 2005 blei det som er foreløpig siste variant, 747 - 800 lansert.
Den testa versjonen er ein boxed versjon. Denne innheld to manualar (ein generelt for flyet og ein spesifikk for fmc) i tillegg til installasjons-cd. Det er også mogleg å kjøpe denne pakken direkte frå PMDG og deretter laste den ned umiddelbart.
Sjølve installasjonen er på ”vanlig” vis. Du køyrer gjennom ein installer som hjelper deg med det meste av jobben. Det kan lønne seg å velge avansert installasjon dersom du har installert PMDG NG frå før av. Dermed slepp du at SID/STAR filene dine blir overskrivne! Noko eg synes er positivt er at PMDG i utgangspunktet berre installerer flyet med sitt eige livery. Deretter kan du velge å installere dei du treng. PMDG har lagt med eit lite knippe på cden og fleire er å finne på deira nettside. PMDG har satt følgande minimumskrav til pc:
- 2,5 GHz (minimum 1,4 GHz)
- 512 MB RAM
Det første ein legg merke til når ein vel PMDG 747 i aircraft-menyen er at flyet er modellert med 3 ulike typar motorar og dei forskjellige liverya er knytta til dei ulike variantane slik det er i virkeligheita.
Når flyet er valgt og du er komt om bord er det lett å finne seg til rette. Brukarar som er vant med PMDG kjenner fort igjen den opplevde kvaliteten på panel og utvendige detaljar. For dei som ikkje er vande med PMDG kan eg berre seie at det heile oppleves veldig veldig bra. Dei fleste brytarar og hendlar er simulert.
Dersom du opererer i 2D så foregår valget av panel enkelt via ein eigen ”panel-switcher” Sidan det er så mange panel på denne fuglen har PMDG valgt å legge underpanel på enkelte panel, og dette fungerer greit. Som nenvt ovanfor er opplevd kvalitet i desse panela veldig god. Dei fleste funksjonar er funksjonible og dei som likar fullverdige prosedyrer vil definitivt finne seg til rette her.
Bevegar vi oss over i virtual cockpit så får vi eit betre inntrykk av storleiken på denne fuglen. Også her er det ein veldig god ”opplevd kvalitet”. Det har blitt lagt inn masse animasjonar i cockpit. F.eks kan armlena hevast og senkast, stolane kan flyttast og du kan flytte på manualane in bokhylla. PMDG har også implementert mekanismar for å minke fps-tapet i VC og utifrå mi vurdering kan eg seie at dette fungerer. På mitt system er 747’en mindre krevande i VC enn flya i 737 – seriane frå PMDG.
Det var med ei viss andektig innstilling eg sette meg bak spakane på dette flyet for den første flyturen. Som mange som har kikka på screenshot – forumet nok har lagt merke til så er det flyging med dash8 rundt om i Norge som er min favorittvirksomheit. Overgangen til dette ”monsteret” var jo sjølvsagt stor. Du føler virkelig at du fører eit stort fly allere mens du er på bakken. Med mitt utgangspunkt var det sjølvsagt underlig å sjå ned på Boeing 737 og Airbus A320,men akkurat det er det ikkje vanskelig å venne seg til! Med dette enorme vingespennet og generelt store omfanget får ein virkelig følelsen av korleis det er å manøvrere slike kjemper. Allereie no begynte eg å legge merke til detaljane. F.eks viste vingene tydelig at tankane var tunge med fuel.
I det eg sette flyet i bevegelse ute på rullebana kunne eg legge merke til neste ”eyecandy”, etterkvart som farten auka la eg nemlig merke til at vingene flexa opp og ned i takt med underlaget. Rett og slett vanvittig bra!
I forkant av denne flighten hadde eg gjort eit forsøk på å programmere ruta sånn nokelunde inn på fmc’en. For dei som er vant med PMDG sin 737 så er det store likheiter, men ein merkar fort at denne har litt ekstra funksjonar. F.eks blir nav-frekvensane styrt frå FMC. Både etablerte og nye brukarar kan glede seg over at PMDG har lagt ved ein eigen trykt manual som gjer det mogleg for dei fleste å komme inn i dei grunnleggande funksjonane!
Når vi først har pensa inn på systema om bord så er det berre å fortsette med rosen. Både utsjånaden til dei ulike panela og funksjonane som er innebygd i systema er rett og slett utrulig bra. Det er lett å svitsje mellom dei ulike panela i 2D og detaljnivået i VC er som tidlegare nemnt veldig høgt. Dette gjeld både i dagslys og om natta.
Dersom eg skulle gått gjennom samtlige system og m åten dei er simulert på så trur eg testen av dette flyet hadde tatt månadsvis å produsere og den hadde komt til å bli usannsynlig lang. Eg har heller ikkje flydd 747 i virkeligheita så eg veit lite om korleis det oppleves om bord i cockpit der, men det eg kan seie er at systemsimulering og simulering av feil er veldig overbevisande! Du kan tilpasse feilrate og øve på prosedyrer for gitte feil via PMDG – menyen. Denne menyen gir også muligheter for det meste av tilpasning.
Konklusjon:
Dette er definitivt den vanskeligaste artikkelen eg har skrive i mi historie som skribent hos flightsim.no. Vanskelig fordi det har vore omtrent umogleg å finne noko å hakke på i forbindelse med dette flyet, men også vanskelig fordi flyet er rett og slett så komplekst at eg føler at eg framleis (etter ca 50 timar bak spakane) ikkje har blitt skikkelig kjent med alle systema om bord.
Det er altså ingen hemmligheit at dette flyet er svært avansert. Samtidig lar det seg fly for dei som ikkje er så alvorlig opphengt i at alt skal gjerast i boka. Detaljnivået er særdeles høgt både innvendig (ikkje berre i cockpit, men også rundt om i kabinen) og utvendig. Måten PMDG har implementert detaljar som f.eks vinger som fleksar og skarpheita på panela innvendig er svært gjennomført. Og når dei i tillegg har tatt hensyn til brukarar med litt svakare maskiner ved å gjere det mogleg å begrense fps-tapet på ulike måter, så er det berre å bøye seg i støvet!
Utifrå mitt skjønn fortjener dette produktet heilt klart pallplass når det gjeld nylanserte produkt i 2005!
Positivt:
+ Fantastisk system-simulering
+ Enkel installasjon med stor grad av brukarpåvirkning (f.eks installasjon av texture)
+ Eksepsjonelt god dokumentasjon
+ Utrulig gjennomført både utvendig og innvendig
+ Lite tap av fps
+ Mykje valuta for pengane
Negativt:
- Intet nevneverdig