Den testa versjonen er i boxed format. Det innebærer i tru Aerosoft-tradisjon at ein får ein pakke som inneheld manual, installasjons-cd og ei fin kartmappe med nødendige kart over flyplassane i pakken.
Installasjon
Egentlig veldig lite å skrive om i denne seksjonen. Installasjonen går som fot i hose ved hjelp av ein vegvisar. Du kan velge undervegs om du vil ha med statiske fly. Dette får nesten bli ei vurderingssak men det er greit å vite at dersom du angrar på at du valgte å legge dei inn så står det forklart i manualen korleis du kan fjerne dei i etterkant. For dei med svake pcar kan nok dette vere meir fornuftig enn ai-fly, men personlig er det siste definitivt favoritten.
Aerosoft oppgjer følgande krav til pc - spesifikasjonar:
- Microsoft Flight Simulator 2004
- 2 GHz Prosessor
- Windows 98 SE, 2000, XP
- 512 MB RAM
- Skjemkort på minst 64 MB
- CD-ROM
- 220 MB ledig på harddisken
I bruk
Ein kan trygt seie at Aerosoft har tatt føre seg eit bredt spekter av flyplassar i Frankrike. Differansen mellom Biarritz og De Gaulle omtrent som Setermoen flystripe vs Gardermoen! I tillegg har dei med Toulouse som plasserer seg sånn ”midt på treet” i storleik.
Det første som slår meg når eg bevegar meg rundt om på flyplassane og i områda rundt desse er kor lite ressursar dei egentlig krev. Det er klart at det er foskjellar på Biarritz og De Gaulle, men på De Gaulle har Aerosoft lagt inn ein funksjon som forhindrar at alle texturane på heile flyplassen blir lasta inn på ein gong. På den måten klarar dei å tvinge ressursane til å bli brukt på området rundt der ein oppheld seg. Det skal seiast at eg ikkje merka denne funksjonen på mitt system (som må seiast å vere ca midt på treet i dag), men brukarar med enklare pcar vil nok sette pris på dette. I allefall skal Aerosoft ha kreditt for å ha hatt akkurat denne problemstillinga i tankane under utviklinga av produktet!
Uavhengig av storleiken på flyplassen så har Aerosoft lagt inn dynamiske element. Vi finn bagasjebilar, shuttlebussar og ground-crew. I tillegg er det ein god del statiske element rundt om som gjer miljøet meir realistisk.
Alle flyplassane i denne pakken held eit høgt nivå. Bakketexturer med sprekker i dekket og rullebaner med bremsespor og tydlige preg av bruk, løftar heilt klart opplevelsen av realisme. I tillegg er kvaliteten på texturane på bygningane svært bra! Som eg nevnte i omtalen av Aerosoft German Airports 3 så synes eg også her at alle bygningane kjem best til sin rett i skumringa. Det er først då eg føler eg får det rette perspektive på kor stor De Gaulle egentlig er!
På Charles De Gaulle er det også laga til eit skikkelig dockingsystem som gjer at gate’ane flyttar seg ut mot flyet. Det er også lagt inn muligheter for å opne og lukke gitte hangardører. Rundt om på dei forskjellige gate’ane er det også tegna inn personar på veg til å frå flya. Kanskje ikkje så realistisk dersom det ikkje står eit fly på akkurat den gaten men uansett en artig detalj!
Flyplassen i Toulouse er naturlig nok prega av at fabrikken til Airbus ligg akkurat her. Rundt omkring på området finn vi meir eller mindre ferdige modellar av store og små. Bl.a er det parkert to eksemplar av gigantflyet A380.
Konklusjon
Nok ei gong synes eg Aerosoft leverer varene. Flyplassane i denne pakken spenner frå ein relativt rolig tilbakelent Biarittz via ein meir traffikert Toulouse til trafikkmaskina De Gaulle. Når den opplevde kvaliteten er like høg på alle sammen så må ein berre konkludere med at dette er eit addon som kan anbefalast! Det einaste eg finn som eit minus i denne pakken er at på flesteparten av karta som følger med så er språket utelukkande Fransk. Det viste seg også at afcad-fila for Charles De Gaulle ikkje var heilt nøyaktig slik at
Det er også hyggelig å sjå at Aerosoft har lagt inn mekanismar som skal bedre ytelsen i tillegg til at dei har skissert anbefalingar til betre ytelse i manualen.
Pluss:
+ Detaljerte texturar på både bakke og bygningar
+ Enkelte element i områda rundt flyplassane er også implementert
+ Lite ressurskrevande i forhold til kvaliteten
+ Enkel installasjon
+ Alle kart følger med i papirform
+ Enkel og informativ manual
+ Mykje valuta for pengane
Minus:
- Flesteparten av karta er kun forklart på fransk
- Unøyaktig afcad-fil for Charles De Gaulle