Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Radar Contact 4.0
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utgiver: JDT LLC
Type: CD i CD-Cover

Mange meiner at atc - tjenesten i Flight Simulator ikkje er god nok. Andre vil dermed hevde at Vatsim er einaste alternativ. For dei som av ulike årsaker ikkje finn seg til rette på Vatsim finst det også løysingar. JDT LLC har lansert versjon 4 av deira Radar Contact og flightsim.no har tatt ein kikk på dette programmet.

Installasjon og dokumentasjon
Installasjonen av programmet er rimelig rett fram. Du føl ein vegvisar som hjelper deg gjennom valg som kor du skal plassere programmet og om du vil installere full pakke eller ein lettare versjon. Forskjellen på desse to er at ved full installasjon blir det lagt inn masse lydfiler som skaper ekstra ”trafikk” på radioen. Dette treng naturleg nok ein del plass så dersom ein vel dette skal ein vere obs på at programmet tar rett i overkant av 1gb av plassen på harddisken. Det er også verdt å merke seg at programmet er kompatibelt heilt tilbake til Flight Simulator 98. Den som eventuelt skulle havne i trøbbel kan søke støtte og trøst i ein manual på overveldande 294 sider. Eg kan glede dei der ute som ikkje er lesehestar med at det finst ein qucikstart som hjelper ein raskt i gang.

I bruk
Hovudbildet i programmet er veldig enkelt oppbygd. For å komme i gang så må du først opprette ein flightplan enten direkte i FS eller via andre alternativ (som for eksempel FS Navigator). Deretter lastar du inn denne flightplanen i RC ved å leite deg fram til kor den er lagra på harddisken. Neste steg er å fylle ut informasjon om flytype, flyselskap og diverse generell informasjon om kva slags lydfiler som skal spelast av. Ein artig funksjon ein har her er muligheten for å pause spelet når du er ein gitt avstand unna destinasjonen. Dette kan jo vere praktisk på lange turar der ein gløymer seg bort og begynner å gjere andre ting undervegs!

Vidare kan ein stille inn kven som skal sitte som pilot, copilot, controller og bakgrunnsstøy. Her ligg det inne eit fast utvalg av personar. Forsøk på å f.eks sette samme person til å vere pilot og controller blir ikkje akseptert og bra er jo det!

I desse dagar med mykje addon scenery er det godt å sjå at produsentane av RC har tatt hensyn til dette. Dei har difor lagt inn ein funksjon som heiter ”rebuild scenery db”. Det som blir gjort når ein køyrer denne er at programmet sjekkar gjennom alle flyplassar i spelet og kontrollerer plassering av rullebane osv. Pluss i margen for dette.

For å få kommunikasjonen opp og gå mellom RC og FS må ein køyre eit lite program som opnar ei rute som ein kan tilpasse i størrelse og plassere etter behov. Dette blir den nye dialogboksen der du kan velge ulike frekvensar osv.

Allereie tidleg i utprøvinga viser ein av dei mest irriterande problema med dette programmet seg. Nemlig korleis lyden av atc – mannskapet blir presentert. Den bærer tydelig preg av at setningane er sett saman av ord og tal i ei uggen blanding. Her savnar eg faktisk litt av ”flyten” frå den opprinnelige atc’en! Du får etterkvart ein snikande følelse av å snakke med ein robot. Enkelte stemmer er rett og slett slitsomme å høyre på og viser tydelig at alle setningane er satt sammen av wav-filer for kvart ord og tal. Trøsten får vere at ein har muligheter for å laste ned fleire stemmer frå Internett. Dette er ikkje prøvd i denne testen.

I tillegg til desse atc-stemmene i programmet kan ein velge å få såkalla ”random ai chatter”. Dette betyr at diverse ferdiginnspelte lydsnuttar (tatt opp frå real atc – kommunikasjon)blir spelt av og dette er tydligvis knytta sånn halveis til området ein er i. Min første flytur gjekk frå Sola til Flesland og då var eg imponert over at lydane faktisk dreia seg om trafikk på eller rundt Sola. Begeistringa forsvann fort når eg opplevde å få samme tower-kommunikasjonen når eg var på Flesland. Denne funksjonen er dermed av mindre interesse!

Fleire funksjonar er lagt til i forhold til standard atc. Dette innebærer egen klarering for push/start, støtte for departure-prosedyrer (altså ingen ”follow runway heading” osv.), endring av landingsflyplass undervegs (uten å måtte legge inn ny flightplan), muligheiter for å etablere nødprosedyrer (mayday) og sist men ikkje minst; større valg ved innflyging. Her kan ein velge manuell, vektorbasert eller instrumentell innflyging. Veldig realistisk og bra! Ein anna ting som er verdt å nemne i denne samanhengen er at dersom du befinn deg på ei øde flystripe f.eks langt inne i fjellheimen så er det blitt simulert ei løysing der du ringer opp til nærmaste kontrollsenter for atis-rapport og klarering.

Bruken av programmet foregår på ein ganske lettvint og grei måte. På samme måte som standard atc så foregår all kommunikasjon via et vindauge der ein gjer valg med nummertastane. Ein grei funksjon at gjenntaking av kommandoane kan settast på automatisk slik at copiloten tar seg av dette. Dette krev sjølvsagt at ein er fokusert og får med seg squawk -kodar osv.

Dessverre så greier ikkje programmet å fullverdig utnytte dei detaljerte afcad-filene som finst rundt omkring. Det betyr at du kan velge kva slags gate du står ved før du skal taxe og du kan velge kva slags gate du skal til på ankomstflyplassen. Det du derimot ikkje får noko informasjon om er korleis du skal komme deg frå gate til rullebane og omvendt. Så her er det kun kart og skjønn som kan hjelpe! Skulle du derimot vere så freidig at du prøver å komme deg uautoriserte manøvrar blir du raskt korrigert via underholdande meldingar på radioen.

Når du først har komt deg i lufta har du stort sett ein veldig profesjonell atc med deg. Skulle det dukke opp fly på kollisjonskurs får du beskjed om dette i god tid, i staden for rett før det smell. Du får også opp valg for innflyging i god tid slik at du kan vurdere om forholda tillet visuell eller om du må trå til med ils.

Konklusjon
Til tross for enkelte irriterande element så synes eg tanken bak eit slikt produkt er god. Dersom ein ser bort frå enkelte av stemmene så gir dette programmet ein langt større grad av realisme i forhold til ATC som er innbakt i FS9.

Pluss:
+ Fyldig og god manual
+ Mange spennande tilleggsfunksjonar samanlikna med standard ATC
+ Støtte for dei minste flystripene
+ Meir oppegåande kontroll av trafikk rundt deg i lufta
+ Har støtte for Flight Simulator versjonar heilt tilbake til FS98

Minus:
- Enkelte stemmer er veldig urealistiske
- Plasskrevande ved full installasjon
- Gir ikkje instruksjonar om taxiway
- Manglar enkelte større flyselskap. Alle flyplassar i Norge blir bokstavert etter ICAO - kode

SCORE Testsystem
70 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

07.02.06

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden