Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av FSPassengers
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utgiver: FSQuality
Type: CD i DVD-Cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop
Salg i Sverige: FlightSimShop.se

Sit du med ein forretningsmann i magen eller er du berre ute etter meir realisme i flysimulatoren din? Det finst etterkvar mange produkt på markedet som gjer sitt ytterste for å oppfylle desse ønska. Flightsim.no har tatt ein kikk på det kanskje mest kjende, FSPassangers.

Tanken bak eit slikt produkt må seiast å vere bortimot genial. I staden for å fly rundt med tomme fly får ein her muligheita til å administrere eit flyselskap med innkjøp av fly, vedlikehold og full kontroll på billettprisar, prisar på solgte varer om bord osv. Altså er det her mogleg å få utfordra seg sjøl når det gjeld forretningsteft! Ein anna synsvinkel er å få vurdert sine eigne flyferdigheiter. Med passasjerar om bord kan ein ikkje tillate seg for store krumspring før adrenalinfaktoren stig og inntektene synker. Dette programmet gir ein også ein gylden sjanse til å øve seg på kva slags prosedyrer som må settast i verk i ulike nødsituasjonar.

Installasjon
Installasjonen av programmet er totalt automatisk. Ein følger berre med i prosessen og resten går av seg sjøl. Programmet er bygd opp som ein kombinasjon av freeware/demo. Dette betyr at i utgangspunktet har ein full tilgang i programmet så lenge ein vel utreise frå ein gitt flyplass. Dersom ein har kjøpt produktet får ein med ein lisensnøkkel som ein brukar til å låse opp med, og dermed opnar verden seg bokstavelig talt.

Produsentane av FSPassengers seier at ein kvar pc som kan køyre Flight Simulator 2004 er i utgangspunktet god nok til å køyre FSPassangers. Dette viser seg også i praksis for eg registrerte i allefall ikkje tap, og etter å ha kikka litt på foruma rundt om kring så er det tydlig at det er ei oppfatning som er delt av dei fleste. Men for sikkerheits skyld har dei satt opp følgande liste med krav:

  • Pentium 4 (eller tilsvarande) på minst 1,8 GHz
  • 50 MB ledig harddiskplass
  • 512 MB RAM
  • Windows XP
  • Flight Simulator 2004
I bruk Etter å ha installert programmet får ein opp ein ekstra meny i Flight Simulator. Via denne styrer ein alle instillingar i programmet. Det første ein må gjere er å etablere eit virtuelt flyselskap. I denne prosessen har ein fleire valgmoglegheiter:
  • Economic Mode: Dette er det meir forretningsmessige utgangspunktet. Du startar med ein viss sum pengar og må deretter kjøpe fly og drifte dette på fornuftig vis. Du må også sette kvaliteten på service, billettprisar osv. Måten flyturane blir gjennomført på påverkar i kor stor grad du får fyllt opp flyet (som igjen påverkar likviditeten i selskapet).
    • Fleet income: Dette er ein tilleggsfunksjon som gjer at du kan kjøpe inn fleire fly og tjene pengar på desse basert på flyferdigheitene dine. Kan vere grei å kombinere med economic mode.
  • Career Mode: Denne modusen er meir pilotretta. Her startar du med ein viss flytype og må deretter tjene opp flytid og ferdighetspoeng for å komme oppover på rangstigen.
  • Instant record: Dette er for den som er ute etter å perfeksjonere flyferdigheitene sine. I denne modusen styrer programmet all logging av flyturar. Det vil seie at du har ikkje moglegheita til å droppe logginga av ein flytur som ikkje gjekk heilt etter planen (noko du kan gjere i economic mode).
  • Fixed failure setting: Ypperlig innstilling for dei som ønsker at visse feil skal oppstå hyppigare enn det ein har satt i innstillingane for vanskeligheitsgrada.
I tillegg til desse modusa kan ein opprette firmaet basert på ulike scenario. Dette betyr at ein får oppgitt eit mål på førehand som skal oppnåast innanfor gitte rammer.

Allereie her er vi inne på det mest positive med heile programmet, nemlig måten ein kan tilpasse opplevelsen på.

Det eksisterer også ein database over dei mest utsatte områda i verden. Dette er basert på sannsynligheten for at feil skal oppstå på flyet eller at ein kan bli utsett for angrep. Også her kan ein enkelt redigere sannsynligheten for kor slike ting skal skje. Så med andre ord er det fullt mogleg å lage heile Norge om til ei krigssone, noko som gjer flyginga utfordrande.

Når ein har oppretta eit virtuelt flyselskap startar ein typisk flytur med at ein lastar opp flyet med bagasje og passasjerar. I programmet ligg det mange ferdig installerte payload-modellar. Dersom favorittflyet ditt ikkje ligg der så er det stor sannsynlighet for at du finn hjelp til å finne denne på det informative fspassengers-forumet. Vidare kan ein bestemme om ein vil sette opp tid for ankomst til destinasjonen. Deretter vil ein bli belønna/straffa om ein held seg innanfor fristen eller ikkje.

Etterkvart som flyet lastar opp med passasjerar vil ein høyre summing bak i kabinen og via eit display kan ein til ei kvar tid sjå kor fornøgde passasjerane er og kor mange som har på setebeltet i tillegg til ei rekke med anna informasjon undervegs. Det er også mogleg å få opp ein meir detaljert rapport om drivstofforbruk, råd frå besetninga og ellers kritiske bemerkningar (dersom det har vore grunn for dette). Det er også hyggelig å merke at ein har fått seg co-pilot som hjelper til kommandoar og rådgivning undervegs.

Undervegs på flyturen får ein ulike måtar å blidgjere passasjerane. Dette kan vere servering av vått og tørt, musikk i kabinen og framvisning av film. Dersom ein flyg i dårleg ver med turbulens og vind vil adrenalin-faktoren stige og fornøyelses-faktoren synke. Det samme skjer ved for brå bank-vinkel eller for bratt stigning/nedstigning. Blir det ekstremt vil ein høyre passasjerane hyle i redsel der bak.

Det følger også med ein del lydar i programmet som som er knytta til flyets oppførsel. F.eks ved bremsing, fullt gasspådrag og det at ein rullar bortover rullebana. På enkelte modellar (f.eks PMDG) så er mykje av det samme lagt inn i modellane. Det er difor greit å vite at ein kan fjerne desse lydane etter behov.

Når flyturen er endt og ein er trygt parkert endar ein turen og tømmer flyet. Dermed får ein opp ein detaljert rapport som viser informasjon om flyturen. Denne er delt opp i fleire underseksjonar: Passasjerane kjem med si vurdering, det er stillt opp eit reknestykke som viser den finansielle biten, korleis flyturen vil påvirke ryktet til selskapet og til slutt ei heilhetsvurdering av flyferdigheitene til piloten. Her vil ein få pluss og minus ut i frå gitte kriterier. Har ein f.eks fått ein feil på flyet vil ein få mange tilleggspoeng for å få lande trygt og på rett flyplass, mens ein vil få trekk fordi det blei ei litt i overkant hard landing. Alle flyturar ein loggar kjem opp i ei loggeoversikt, og her kan ein velge å sjå desse på eit kart eller om ein vil sjå dei i ei litt meir detaljert liste. Det ligg også funksjonalitet for å eksportere denne informasjonen til virtuelle flyselskap på Internett, men denne moglegheita har eg ikkje fått testa.

Ein flytur kostar sjølvsagt pengar og dette heng saman med kor i verden ein flyg. Driftskostnadar i form av prisar på olje, drivstoff, vedlikehold og avgifter varierer. Også desse faktorane ligg opne så her står ein fritt til å gjere eigne tilpasningar. Det eg reagerte mest på økonomisk sett var at reknestykka under den økonomiske delen av rapporten var satt litt urealistiske. F.eks hadde eg eit overskot på ca 20 mill. kroner på ein tur frå Gardermoen til Kirkenes i ein 737-600 med ein kabinfaktor på ca 75%. No veit eg ikkje kva f.eks Norwegian tjener på denne ruta, men det er nok garantert ikkje slike summar!

Konklusjon
Eg tar ikkje for hardt i når eg seier at dette sannsynligvis er eit av dei mest intressante addons til Flight Simulator 2004 pr dags dato. Grunnen til dette er det store markedet som ein har for eit slikt produkt. Kjernen er nemlig det at ein famnar over alle typar flysimulator-entusiastar. Frå dei heilt ferske nybegynnarane som synes det er artig å få litt liv i både cockpit og kabinen, til dei meir vante brukarane som fokuserer på prosedyrer og at ting skal gjerast etter boka.

At programmet er levert så tilpasningsvennlig som det er gjer at det er fullt mulig å gjere det meir eller mindre heilt slik ein vil ha det. Og til å gjere denne jobben får ein hjelp av ein svært oversiktlig og god manual.

Pluss:
+ Gir ein heilt ny opplevelse av realisme
+ Enkel og oversiktleg installasjon
+ Store tilpasningsmoglegheiter
+ Krever ikkje eit beist av ein pc for å fungere godt
+ Lett å oppgradere
+ Veldig bra support-forum
+ Grundig og informativ manual

Minus:
- I utgangspunktet eit urealistisk prisnivå

SCORE Testsystem
98 %
AMD Athlon 64 3500
1024 Mb PC3200 DDR RAM
Nvidia 6600 GT  

31.12.2005

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden