Dersom ein vil ha Aerosoft sin Seahawk and Boxer har ein to moglegheiter: Enten å kjøpe den i boxed versjon eller som nedlastbar fil. Forskjellen på desse er sjølvsagt tidsperspektivet og at ein i den nedlastbare versjonen går glipp av ein meget flott utskriven manual.
Vanligvis tek iveren overhand over meg når nye ting skal prøvast ut og dermed endar eg med å legge manualar til side og berre gyve løs. Dette er annaleis med produkt frå Aerosoft. Til Seahwaken følger det med ein grundig manual som eg faktisk enda opp med å lese gjennom før eg i det heile tatt starta installasjonen. Men dette kjem vi tilbake til lenger ute i testen.
Installasjon
Installasjonen er meir eller mindre automatisk. Ein legg inn kor ein vil at pakken skal installere seg på harddisken og dermed er det berre å slappe av til installasjonen har gjort seg ferdig. Det krevst ikkje noko form for manuelt arbeid her.
Krava som er satt av Aerosoft er som følger:
Pentium 2,5 GHz eller høgare
400 MB ledig harddiskplass
512 MB RAM
Grafikkort med 64 MB, helst 256 MB RAM
Lydkort
CD-ROM
Flight Simulator 2004.
Det er også verdt å nevne at Aerosoft har laga ei oppdatering som inneheld ei knippe forbedringar. Denne kan ein laste ned frå deira heimesider. Etter å ha installert den var det klart for flyging!
I bruk
Når eg fekk vite at eg skulle teste helikopter så var blei det motteke med blanda kjensler. Helikopter har aldri vore ”mi greie” i fs, så eg følte meg litt tilbake til utgangspunktet når det gjaldt ferdigheiter. Det var difor med stor lettelse at eg kunne lese på aerosoft sine sider: ” Tested and highly accurate flight model (yet fully flyable for novices)”.
Eg greide sjølvsagt ikkje å dy meg og etter installasjonen måtte eg ut på tur. I pakken ligg det hangarskip plassert på 8 ulike lokasjonar rundt om i verden og til kvart skip høyrer det eit oppdrag. Desse oppdraga er nyttige til å lære seg å bli kjent med helikopteret og alle funksjonane som ligg i dette. Sidan eg var mildt sagt uerfaren valde eg å ta eit kort oppdrag som første tur og allereie her merka eg ein av svakheitene med denne pakken. I oppdraget var det natt og tåke og sjølv på mi relativt kraftige maskin merka eg godt at pakken var tung å dra rundt. Spesielt gjaldt dette ved endring av views mens ein stod parkert på hangarskipet. Det viste seg at alt gjekk bedre når ein var utanfor hangarskipet si rekkevidde.
Sjølve flyegenskapane føles veldig kontante og fine og eg føler at bevegelsane kjennes riktige(utan at eg har prøvd eit seahawk helkopter i virkeligheita). Spesielt synes eg at Aerosoft har greid å få med ein del av korleis dei naturlige kreftene påvirkar eit flygande objekt. F.eks var det praktisk talt umulig å hente seg inn etter å ha fått helikopteret i spinn.
Når det gjeld simulering av system så synes eg at mykje er bra. Spesielt med tanke på navigering har ein fleire hjelpemiddel. ”Hover mode” er eit eksempel på dette. Her kan ein ved hjelp av grafiske symbol på flight displayet navigere i tilnærma null sikt.
I dette helikopteret så ligg det også eit autopliotsystem i light versjon. Dette fungerer ved at ein lastar inn ei rute som ein har laga i ruteplanleggaren i FS på førehand. Dermed er det mogleg å stille inn høgde, fart og helikopteret vil følge ruta slavisk. Det er også lagt inn eit ”auto hover” system som gjer at du kan få helikopteret til å stanse i lufta på eit gitt punkt og ei gitt høgde. Dette fann eg særdeles greit når eg skulle lære meg å lande!
Cockpiten i både 2D og virtual versjon vil eg seie er bra. Eg savnar at så mange av knappane er inaktive. Her burde det kanskje vere mogleg å få animert litt fleire. Aerosoft skal ha kredit for å funne plass til muligheten for å dempe lysa på utsida, dette er detaljar som blir verdsatt når ein skal ut i strid!
Ein anna ting eg har sett folk har reagert på angåande denne modellen er det intense grønskjæret i instrumentlysa. Dette kan bli litt slitsomt i lengda når det er mørkt, men eg følte ikkje at det var direkte plagsomt. Som med det meste anna er det smak og behag som avgjer om ein likar dette.
Utvendig har eg lite å peike på. I denne pakken er det med tre ulike variantar av helikopteret som igjen har fleire ulike paintar. Felles for alle er eit jamt over høgt nivå på texturane. Aerosoft har også fått plass til å anmiere blade-fold funksjonen som blir brukt ved lagring av helikopteret. Bra!
Konklusjon
Så kva slags følelse sit ein rookie igjen med etter nokre veker saman med denne Seahawken? Det første som slår meg er at det ikkje er så vanskelig å fly helikopter som eg hadde frykta. Dette skal manualen til Aerosoft ha halve skylda for og resten av skylda legg eg på ”autopiloten”. Ved å bruke begge desse punkta aktivt fekk eg snart inn i hendene prosedyrer og kor ømfintleg eg måtte vere med collective og stikke.
Til tross for enkelte mindre detaljar som eg har satt fingeren på så synes eg at Aerosoft leverer ein bra pakke. At det følger med flotte hangarskip rundt om i verden aukar underholdningsverdien, og samtidig set det ein ekstra spiss på totalopplevelsen. Samtidig må ein nok vurdere nøye om ein er villig til legge ut 35 Euro på dette. Ein skikkelig joystick er nok også påkrevd for å få skikkelig utbytte av eit heilikopter av dette kaliber.
Pluss:
+ Bra simulering av flyegenskapar som gir realistisk flyopplevelse.
+ Flotte texturar på helikopteret.
+ Avanserte modellar av hangarskip som aukar underholdningsverdien.
+ Manual som er skriven på eit språk som er forståelig for alle uansett ferdigheitsnivå,
Minus:
- Hangarskipa er tungdrivne ”scenery”.
- Kunne ønska at fleire knappar i cockpit fungerer.