Installasjon
Installasjonen foregår ved at ein startar ei installasjonsfil og dermed går installasjonen automatisk. Du vel plassering (om du ikkje vil at sceneryet skal havne i addons mappa) og dermed er det berre å følge instruksjonane undervegs.
Det som trakk ned i denne prosessen var at du må aktivere sceneryet manuelt i scenery library inne i fs. Dette synes eg er unødvendig når dei fleste addon i dag legg seg til på riktig vis, slik at ein slepp denne ekstra jobben og oppstarten av spelet.
I bruk
Min første tur med dette sceneryet gjekk frå Arlanda til Landvetter og den fekk ein heller dårlig start. Nok ein svakheit ved denne pakken blei oppdaga ved ein tilfeldighet. Det viste seg nemlig at den rekka med gates der eg stod parkert tydligvis var ”gløymt” av den som laga afcad - fil for sceneryet. Både meg og mine kollegaer rundt meg hadde fått flya planta halvveis inne i terminalen! Sjølv med ny afcad fil frå heimesida til Swedflight var problemet det same. Eg måtte altså ty til uoffisielle kanalar for å få orden på problemet. Når ein legg pengar på bordet for eit produkt så bør slike feil vere luka ut!
Ein anna ting eg hengde meg opp i under planlegging av den første flyturen var den totale mangelen på kart over flyplassane. Våre svenske venner har i staden laga ei pdf – fil for kvar flyplass med lenke til den Svenske Luftfatsstyrelsen slik at ein kan laste ned kart herifrå. Desse karta er ikkje dei beste eg har sett, men kanskje vi Nordmenn er blitt litt bortskjemte på dette området? Uansett så syntes eg godt at karta kunne følgt med pakken direkte.
Neste punkt på klagelista er den totale mangelen på liv på flyplassane. Swedflight har totalt utelukka dynamiske element for å senke tap av fps. Etter mitt skjønn er det heilt klart meir underhaldande å sjå litt trafikk av andre ting enn fly på ein såpass stor flyplass som Arlanda.
Den som les dette no sit nok med eit inntrykk av at eg ikkje likar denne pakken, men så feil går det an å ta. Eg har nemlig fått ”blåst ut” det som er negativt. Innholdet i sjølve pakken er nemlig meget bra! Flyplassane her er godt laga samtidig som dei ikkje er krevande i bruk. Spesielt imponert er eg over detaljrikdomen på bygningane og i tillegg lyssetting av både rullebaner og generelt på flyplassområdet. Det er også artig å sjå at dei har lagt ned litt tid i utforming av områda rundt flyplassane. F.eks i Gøteborg har dei satt opp reklameplakatar for Volvo langs vegen som fører fram til flyplassen. Eg noterer at dei også har blitt mindre ”sjølvgode” og fjerna plakaten som inneholdt bilde av medlemmane i Swedflight… I Stockholm har dei laga til eit flyplasshotell under innflygingstraseen til den eine rullebana.
Med unntak av Arlanda kjenner eg ikkje til at Swedflight har konkurranse om flyplassane i pakken. Men unntaket er stort. Arlanda har blitt laga av fleire team som ikkje tar seg betalt for varene, og i tillegg er Arlanda inkludert i Scandinavian Airports frå Aerosoft. Sidan eg har brukt dette sceneryet før så blir det ein slags referanse. Og Swedflight hevdar seg veldig godt samanlikna med nettopp Aerosoft sin versjon. Begge desse har sine fordeler og ulemper, men eg konkluderer med at Swedflight sin ikkje står nevneverdig på detaljrikdom og utforming samtidig som det slår knockout på Aerosoft når det gjeld kapasitetskrav. Men Aerosoft tar litt igjen på at det er eit dynamisk scenery, noko som gjer opphaldet på flyplassen mykje triveligare!
Har ein installert andre landclass enn det som ligg inne som standard vil ein nok oppleve enkelte problem i overgangane frå flyplassområdet og det terrenget som ligg rundt. Det står konkret i readme - fila at Swedflight Pro ikkje har støtte for andre landclassfiler, og i mitt tilfelle medførte dette at ”skogen” (som er blitt brukt for å få auka realismen i området rundt flyplassane) hang i lause lufta fleire plassar. Men det blir vanskelig å legge skylda på Swedflight for dette.
Konklusjon
Til tross for enkelte småting som irriterte meg litt er eg godt fornøgd med dette sceneryet. Det inneheld tre flotte flyplassar samtidig som det ikkje krever for mykje av PC-en og det til ein pris det er fullt mulig å leve med.
Pluss:
+ Grundig arbeid er lagt ned i kvar enkelt flyplass.
+ Krever ikkje for mykje av PC-en.
+ Relativt billig addon.
+ Detaljert manual med gode forslag til innstillingar.
Minus:
- Unødvendig masse styr for å installere.
- Manglar dynamiske element.
- Litt unøyaktige afcad-filer.
- Kart følger ikkje med.