Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Voice Buddy 3.0
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Edimensional
Type: Nedlastbar program

Voice Buddy 3.0 er eit program som lar deg utføre kommandoar i forskjellige spel ved hjelp av tale. Med utgangspunkt i Flight Simulator 2004 skal vi forsøke å finne ut om dette er eit program som gir meirverdi

Installasjon
Installasjonen av dette programmet var ei enkel affære. I tillegg til sjølve programmet vart det installert ein sdk frå Microsoft som skal handtere alt som har med tale å gjere (Microsoft Speech SDK 5.1). Samla størrelse på desse to er i overkant av 100 mb. I tillegg til dette blir det installert nye sjekklister til alle standardflya i Flight Simulator slik at ein får fram tale -kommandoane for dei enkelte funksjonane.

Edimensional operer med følgande krav til maskinvaren:

Windows XP Home, Windows XP Professional eller Windows 2000
100 MB ledig harddiskplass
Lydkort
512 MB RAM
2GHz eller raskare CPU

I bruk
Voice Buddy 3.0 kjem med i overkant av 60 innebygde profilar til ulike spel. Her er det både simulatorar, adventure og action representert. I tillegg (noko som er nytt for versjon 3.0) kan ein opprette eigne profilar dersom favorittspelet ikkje allereie er i lista. Det er også mulig å tilpasse dei innebygde profilane. Dei som vel å kjøpe Voice Buddy får også oppdateringar av den innebygde lista med på kjøpet, og oppgradering frå tidlegare versjonar er gratis.

Det første som eg gjennomførte var ein vegvisar for å opprette ein profil til meg. På den måten fekk eg testa korleis programmet oppfatta mi tale ved at eg las inn ein gitt tekst. Vidare var planen å bruke eit fly som ikkje ligg innbakt i Flight Simulator, sidan eg ærlig talt aldri brukar desse flya. Valet fall dermed på PMDG si utmerka 737-600 maskin som skulle ta meg frå Værnes til Tromsø. Sidan eg er så frekk å ikkje bruke eit standardfly hadde eg notert meg ned dei viktigaste kommandoane som låg inne i programmet, og var difor klar til start.

Ved hjelp av voice buddy fekk eg kontrollert flaps, lys, heving/senking av hjul i tillegg til å justere synsvinklar. Det heile gav meg faktisk ein følelse av at eg hadde ein co - pilot ved mi side, for programmet bekreftar kvar kommando. F.eks. dersom du seier ”gear up” så følger programmet opp med ”gear up and secured”.

Så langt var alt berre fryd og gammen, men Adam var ikkje lenge i paradis! Rett sør for Bodø fann plutselig ”co-piloten” min ut at han skulle slenge ut hjula i cruise - level, noko eg sjølvsagt ikkje hadde gitt han ordre om. Vidare utfordra han skjebnen med å deaktivere autopiloten under innflyginga til Tromsø noko som heller ikkje var vidare populært. Det skal dog seiast at det var kun under denne spesifikke turen at programmet styrte seg sjølv ein periode utan at eg kan finne ei god forklaring på kvifor. Men eg synes det er urovekkande å vite at det kan skje. Det gjorde i allefall til at eg sat meir skjerpa når eg flaug med Voice Buddy enn uten. Ein visste liksom ikkje heilt kva det kunne finne på.

Ein artig detalj i dette programmet er moglegheiter for å lære seg alt frå akrobatiske bevegelsar til standardprosedyrer ved f.eks. avgang frå Hangarskip eller touch and go. Du seier f.eks. ”teach me a spin” og du vil deretter få ein bra beskrivelse av kva ein spin innebærerer og korleis du skal handtere flyet ditt for å kunne gjennomføre dette.

Det skal også nemnast at dette programmet er fullt kompatibelt med Roger Wilco og dei fleste andre VOIP klientar, slik at programmet er også nyttig ved online - flyging.

Konklusjon
Spørsmålet eg stilte i innleiinga var om dette programmet gir meirverdi i Flight Simulator. Her må eg egentlig seie at eg slit litt med å konkludere.

Sjølv med enkelte feil så synes eg dette programmet var ganske sjarmerande i bruk. Når du sit med muligheten til å kunne snakke til spelet og det reagerer, så er det i seg sjølv fascinerande. Men også det at ein slepp å tenke på uendelige mengder med tastekombinasjonar gjer at dette er nyttig. I tillegg er dette eit program som fungerer i mange spel, noko som gjer at bruksområdet kan bli veldig stort.

Opplevingane knytte til program som dette kan nok vere særdeles forskjellige. Dette fordi ein må rekne med å trene litt på uttale og snakketempo for å finne den rette blandinga. Når dette er gjort og ting fungerer er det berre stas!

Pluss:
+ Gjer arbeidet i cockpit lettare og meir ”realistisk”.
+ Kan brukast i veldig mange spel.
+ Store moglegheiter for utvidingar og tilpasning.
+ Gratis oppdatering inkludert i prisen.

Minus:
- Enkelte svar frå programmet kan vere vanskelig å tolke.
- Av og til styrer programmet seg sjølv, noko som kan vere særdeles irriterande.

SCORE Testsystem
75 %
AMD XP3000+
768 MB DDR RAM
9800XT 256 MB  

14.06.2005

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden