Til forsiden
Meny


  »  Forsiden
  »  Nyhetsarkiv
  »  Web Shop
  »  Diskusjon
  »  Hva skjer?
  »  Filbibliotek
      Nye Filer
      Topp 25
  »  Omtaler/Reviews
  »  Multiplayer
  »  Linker
  »  Kontaktinfo

 

Søk

Google

Web flightsim.no


 
  
  Lørdag 04.02.2012   
Flysimulator?
Bestill fra webshoppen!
Dell
Ny PC? Fraktfritt levert
re:member
Betal vanlige ting smartere!
Widerøe
Billige flybilletter
Omtale av Flight 1 Cessna 172 Skyhawk
Av: Ole Reidar Dvergsdal

Utvikler: Flight1 Software
Type: CD i DVD-Cover
Salg i Norge: FlightSim.no Shop

Kjøp fra FlightSim.no Shop

Flight1 er eit kjent selskap for dei fleste innan flysimulator - verdenen. Deira ATR 72-500 er nok det mest kjende produktet. Flight1 står også for distribusjon av Level D sin etterkvart godt kjende 767. Begge desse flya er kjenneteikna av høg grad av kvalitet på både interiør, eksteriør og system som er om bord. Vi har kikka på ei av dei mindre maskinene, Cessna 172 Skyhawk, for å sjå om denne kan levere i samme stil som sine større "søsken".

Installasjon
Installasjonen er vanlig Flight1 - prosedyre. Først blir det produsert en lisensnøkkel, noko som krev tilgong til Internett. Installasjonen fortset dermed på vanlig vis. Når installasjonen er ferdig har du eit konfigurasjonverktøy for flyet, manual og text-o-matic (Flight1 sin måte å holde styr på repaints) - verktøyet tilgjengelig på skrivebordet. Du kan også velge å installere eit repaint - verktøy tilpassa til flyet.

I konfigurasjonsverkøtyet til flyet kan du sette vekt på deg sjøl (!), passasjerar og eventuell bagasje. Du kan også velge om du vil bruke gauger i høg eller lav opp løysing og om du vil bruke den stabile eller meir spinnbare dynamikken til flyet.

I kamp mot Microsoft sin 172
Sidan Cessna 172 følger med Flight Simulator i utgangspunktet er det sikkert enkelte som meiner at det ikkje bør vere nødvendig å bruke pengar på å kjøpe eit slikt fly. La meg konkludere først som sist: Dette flyet er så mykje bedre enn det orginale flyet i FS at det er nesten flaut å samanlikne. Både eksteriør, interiør samt lydar er veldig bra. Spesielt imponerande er jobben som er lagt i panelet. Både i 2d og VC viser dette utsøkt kvalitet. Det meste er funksjonerande i VC og samspelet mellom dette og lyden gjer at ein får ein stor opplevelse kvar gong ein set seg inn i dette flyet. Måten f. eks flyet duvar framover på nasehjulet ved kraftig bremsing viser høg klasse.

For min eigen del syntes eg VC var så bra laga at mesteparten av flyginga forgjekk på denne måten. Skulle du ønske å flyge 2d kan du vere trygg på at også her er kvaliteten bra, det er mange fine panel (trim, fuel, gps, radio osv.) som ein får fram med knappane shift og 1-9. Det er til og med ein eigen ”manager” for panela som gjer at bruken av desse går som smurt.

I lufta
Men kva så med flyegenskapane? Eit Cessna fly av denne typen er vel å rekne for dei enklaste flya å handtere. Det er relativt motorsvakt og er ofte brukt som treningsfly for nyare pilotar. Underteikna har ikkje flydd dette flyet ”in real”, men eg får inntrykk av at bevegelsar skjer på ein naturlig måte. Også om ein pressar flyet hardt (f. eks stall) er det lett å handtere. Einaste måten eg fekk flyet til å lage dramatikk var ved å ligge i god høgde og sette nasa rett mot bakken og sleppe stikka. På denne måten greide eg å framprovosere ein spiral - liknande spin. Og utifrå mine kunnskaper innan flyging er dette rimelig realistisk! Uansett merkar ein god forskjell på korleis ting skjer i forhold til den Cessnaen som ligg innebygd i Flight Simulator. Ein merkar også godt at trim og flaps påverkar måten flyet bevegar seg på, noko som aukar realismen mange hakk! I tillegg følger det med ein ”tutorial-flight” som foregår med ein relativt streng instruktør. På denne måten blir ein veldig godt kjend med flyet og dei ulike rutinane knytta til det.

Oppsummering
I utgangspunktet var dette flyet tenkt å vere eit produkt som berre skulle leverast som eit ”Flight Training” – produkt. Mange er nok glade for at Flight1 (etter massivt press frå marknaden) bestemte seg for å la det bli eit vanlig add-on til Flight Simulator. Oppsummert med få ord kan ein seie at dette er eit svært flott fly! Og det vil kunne tilfredsstille behova til alle pilotar med interesse for småfly. Både dei som er heilt nye i gamet og dei som har flydd hundrevis av timar.

Er det virkelig ikkje negative ting med dette flyet spør du gjerne? Og der må eg faktisk melde tilnærma pass. Einaste eg kan pirke i er at det kun følger med ein paint med flyet. Ein annan ting er jo installasjons-linja som Flight1 har lagt seg på med generering av lisens over Internett. Dette kan medføre bry ved gjentatte re - installasjonar. Det kan også nemnast at ein ikkje får ein printa manual sjølv om ein vel boxed versjon. Men alle desse tinga blir som flisespikkeri å rekne i denne samanhengen. Ingen tvil om at ein får valuta for pengane i dette produktet!

Pluss:
+ Arbeid med panel både i 2d og VC
+ Glitrande eksteriør
+ God lyd
+ Trygge og realistiske flyegenskapar
+ Krever inga supermaskin for å gli lett

Minus:
- Intet nevneverdig

SCORE Testsystem
97 %
AMD XP3000+
768 MB DDR RAM
9800XT 256 MB  

24.05.2005

(This article is protected by international copyright laws, and may not be published in parts or as a whole in any other publication or site without written consent from the author or www.flightsim.no. Any violation of this will be followed by legal actions.)

Annonser
 
 
Til toppen av siden Copyright © 1997 - 2008 Dag Johansen Til toppen av siden