Denne pakken består av 7 flyplassar i ulike storleikar. Nærmare bestemt: Berlin - Tegel, Hamburg, Lübeck, Kiel, Bremen, Mönchengladbach og Düsseldorf International. Desse flyplassane dekker nok dei fleste sine behov sidan dei strekker seg frå dei mindre og sjarmerande flyplassane (Mönchengladbach ,Kiel og Lübeck) til dei større og meir trafikkerte (Berlin, Bremen, Hamburg og Düsseldorf).
Den testa utgåva er ein såkalla "boxed versjon". Det vil seie at ein får med cd, manual og ei mappe med alle nødvendige kart over dei inkluderte flyplassane. For dei som ikkje har tolmodigheit til å vente på at pakken skal komme i posten finst det også moglegheiter for å kjøpe pakken direkte frå Aerosoft sine heimesider.
Allereie når eg sette meg til å lese i manualen danna eg med eit bilde over kva eg hadde i vente. Aerosoft operer nemlig med følgande krav:
Anbefalt (minimum):
CPU: 2,6 GHz (2,4GHz)
Ledig plass: 120 MB
Minne: 512MB (256 MB)
Grafikkort: 256 MB (64 MB)
FS 2002/FS2004
Det må nemnast at dei som framleis brukar FS2002 ikkje får glede av den nye versjonen, men det følger med ei utgåve av den forrige som går an å bruke i FS2002.
Installasjon
Installasjonen av produktet foregikk utan problem. Underteikna hadde frå før installert add-ons som kom i konflikt med German Airports, noko som vart gitt beskjed om i installasjonsprosessen. Vidare får ein moglegheiter til å velge om ein vil ha installert statiske fly eller ikkje. Pakken inneheld også moglegheiter for AI – fly som trafikkerer desse flyplassane. Det eg sit igjen med etter denne prosessen er at Aerosoft gjerne kunne ha brukt litt bedre tid på å utforme språket i installeren, det var ikkje alle setningane som gav like mykje meining.
I bruk
Når ein plasserer seg på ein av flyplassane i denne pakken får ein virkelig ein god følelse. Rundt seg ser ein pushbacktrucks, shuttlebussar, bagasjevogner, og bilar både rundt om på flyplassen og på parkeringsplassane utanfor. Det er til og med plassert publikum som spottar ned på flya på fleire av flyplassane! Bygningane er særdeles detaljerte og ein ser fort at teamet bak dette produktet har brukt mykje tid på taxevegar og rullebaner. Sprekker i betong og asfalt samt skitne parkeringsplassar og taksebaner løftar realismen opp fleire hakk. Det er også bygningar med røyk i pipene rundt flyplassane for å lage meir liv. I tillegg er det lagt inn ulike element rundt enkelte flyplassar. Dette kan vere båtar på elvar og bygningar som kjenneteiknar plassen der flyplassen er lokalisert.
På flyplassen i Hamburg er det også implementert eit dockingsystem som gjer at ein ved hjelp av ulike com – frekvensar (bestemt av flytype) kan få gate’ane til å flytte seg ut mot flyet. Dette sammen med bra guiding inn mot parkering gjer at parkeringa går som ein fryd og det heile ser meir realistisk ut når gaten blir lagt inn mot flyet. På Düsseldorf er det også laga til togstasjonen som ligg like ved flyplassen samt bana som går mellom togstasjonen og terminalen, det einaste eg savna her var ei ”ai-bane” som hadde gått fram og tilbake mellom desse stasjonane.
Eg tør påstå at flyplassane i denne pakken ikkje viser seg frå si beste side før mørket begynner å sige på. Blandinga av natteksturane på bygningane, lysa plassert rundt om på oppstillingsplassane og alle dei dynamiske elementa gjer at ein rett og slett blir imponert.
Konklusjon
Det er vanskelig å sette fingeren på noko med denne pakken. Den største ulempa med eit scenery som dette er ressursbruken. Køyrer ein med mykje ai –trafikk, tungt ver og i tillegg eit fly som er krevande på ein av desse flyplassane merkar ein at det drar fps. Men eg opplever ikkje det som eit problem så lenge ein oppfyller krava Aerosoft har satt. Dessutan har Aerosoft skissert eit oppsett i manualen som gir best mogleg ytelse på dette sceneryet. Bra!
I skrivande stund kostar German Airports 3 / 2004 349 kr her hos flightsim.no. Til den prisen er det grunn til å stille høge krav, og i stor grad blir desse innfridd. Eg vil seie at produktet er verdt prisen dersom flyplassane i pakken høyrer til blant dei ein likar å besøke med jamne mellomrom. Meir realistisk scenery for desse flyplassane eksisterer i allefall ikkje!
Pluss:
+ Detaljerte flyplassar med realistisk innhold
+ Flotte teksturar både dag og natt
+ Alle kart følger med
+ AI - trafikk inkludert
+ Detaljert manual
Minus:
- Enkelte forhasta oversettingar i installasjonsprogrammet
- Krever sitt av pcen
- (Pris)